Støtt våre sponsorar  

 

 

 

Banedagbok, og kampoppsett yngres
Det har blitt laga ei banedagbok og kampoppsett for yngres med dommere. Alle dommerforfall må meldes til Lars Ulla.
Banedagbok.
Kampoppsett med dommere.


-------------------------------------------------

Siger trass sjansesløsing[23.06]
HaNo spelte ein god kamp borte mot Hødd jr. Forsvaret spelte årsbeste, og framover rulla HaNo godt opp med variert angrepsspel. Det som derimot ikkje var så bra var avslutningane. Gleda over tre poeng var stor, men HaNo burde vunne mykje, mykje meir! Meir om kampen her.

Siger over Stranda[10.06]
HaNo dominerte 1. omgang, og kunne leia med meir enn 2-0. Etter pause kom Stranda meir med, men sigeren var aldri trua.
Meir om kampen her.

Brattvåg klart best[02.06]
Brattvåg var klart best i alle fasane av spelet og vann fortent 7-2 over HaNo. Ved pause stod det 4-1, og også i andre omgang sleit HaNo med aggresive heimespelarar som ville klart mykje meir enn gjestane i alle duellar og ikkje minst i avgjerande situasjoner.
Les meir her

Dramatisk lokaloppgjer
[30.05]
For publikum blei dette det dei håpte på: Eit tett lokaloppgjer med to offensive lag som underheldt godt. Medan Norborg hadde flest sjansar, så var HaNo sine store. Begge lag var fortvilte etter brente sjansar og kontroversielle avgjerder utover i den andre omgangen.
Les meir her.

Tap for herrelaget borte mot ÅVK
[25.05]
HaNo tapte 5-1 borte mot Åram Van.kam FK
laurdag. Trykk her for å sjå tabellen.

Thriller enda uavgjort
[25.05]
HaNo hadde i andre omgang ei 3-1 leiing, medan Herd slo tilbake og tok leiinga 3-4 ti minutt før slutt. I den jamne og spennande kampen utlikna HaNo og Sunniva Tomren med eit flott frispark, slik at HaNo fortent fekk med seg eitt poeng heim att.
Meir om kampen her.

Komfortabel siger på middels dag [13.05]
HaNo fekk ei pangopning på kampen mot Valder jr, og leia 2-0 før det var spelt 5 minutt. Etter dette fall konsentrasjonen og kvaliteten, og Valder jr fekk sjansen til å skåre sine første mål for sesongen.
Meir om kampen her.

Klubbdommerkurs [05.05]
Onsdag 14.05 kl. 17:30 til 19:45 vil det bli arrangert klubbdommerkurs på Haramsøy skule. Alle spillere fra 8 - 10 klasse stiller. Kurset er obligatorisk om en skal dømme eller ikke. HaNo oppfordrer flest mulig til å være med å ta kurset. Treninger som kolliderer må flyttes, og kamper må ikke flyttes til denne datoen.

Aktivitetsplan for herrelaget
[05.05]
Her finn du aktivitetsplanen til herrelaget fram mot sommaren:
Plan.

DUGNAD [30.04]
Tirsdag 06.05, kl 18 er det dugnad på grasbanen på Haramsøy. Småjenter, smågutter, jenter, gutter og senior spillere møter. Ta med spader, river og diverse utstyr.

Fekk sin revansje
[28.04]
Berre ei veke etter 1-0 sigeren måtte HaNo bite i kunstgraset mot same motstandar. Volda vann heile 5-0 i ein kamp som blei punktert med tre Volda-skåringar i løpet av andre omgang sine sju første minutt.
Meir om kampen her.
Les også meir på Voldasupporter.com

Tap for damelaget mot Volda [27.04]
Damelaget tapte idag 5-0 borte mot Volda.
Det sto 1-0 til pause. Volda fikk 3 raske mål etter hvilen, og da var løpet kjørt for damene.
Mer om kampen kommer seinere.

Knallopning for HaNo [21.04]
Etter to serierunder står HaNo sitt damelag med full pott. Det er sterkt med tanke på at motstandar har vore to av favorittane til opprykk. Laurdag var det fjorårets 2. divisjonslag Volda som vart sendt heim utan poeng.
Meir om kampen her.

Seier hjemme mot Volda[19.04]
Damelaget tok en fin 1-0 seier mot en av favorittene i 3 div. God innsats og skåring av Linda Kristin Haram, gjør at damelaget topper tabellen etter 2 kamper.
Mer om kampen kommer seinere.

Siger i jamn serieopning[17.04]
I generelprøva før seriestart følte HaNo seg snytt for sigeren med 0-1 tap. I serieopninga mot Herd jr. bikka det tette oppgjeret heldigvis HaNo sin veg. – Herlig å starte med tre poeng i første kamp, sa jentene etter kampen.
Meir om kampen her.

Vårcup 2008 [25.03 19.10]
HaNo arrangerer vårcup på Rogne 29-30
mars. Trykk på plakaten for å sjå den i full størrelse:


HaNo siden i drift
[09.03 20.05]
Etter å ha vært ute av drift en stund er HaNo siden tilbake. En ny HaNo side er planlagt, og vil være delvis i drift etter påske.

Vinterserie 11'ar senior [04.12 07.48]
Også i år inviterar SK Herd til vinterserie i januar, februar og mars månad. Nytt av året er at også damene kan delta.

Alle laga vert delt inn i puljer på fire, slik alle får spele tre kampar kvar.

Frist for påmelding er 16. desember.

Les invitasjon her.

Joakim klar for Viking [28.11 11.49]
Aafk og HaNo sin Joakim Austnes er klar for Viking. Kun den medisinske testen står att før han er klar. Det er dagbladet.no som melder dette. Rykta vil ha det til at overgangssummen er 5-6 millionar kroner, men det er ikkje stadfesta frå verken Aafk eller Viking. Det er ei 4-årskontrakt Joakim skal signere.

Etterlysning [28.11 09.40]

Vi undrar på, kvar undrande er,
det er lenge sidan du no har vore her.
Vi saknar deg og dine dikt,
då du er så utruleg flink til slikt.


Det no er ganske stilt på HaNo-sia,
slik det bruker å vere på denne tia.
Kanskje du kan dikte litt til advent,
då vi alle set og er veldig spent.


Det er nokon som sit her heime og spår,
at det er du som er julenisse i år.
Kjem du utover og gir oss ei gåve,
eller må vi sette grauten ut i vår låve?


Fortuna vann KM
[26.11 07.49]
Fredag og laurdag gjekk Rica Parkett Cup (KM) føre seg for damer i Volda. HaNo damene var med og spelte tre kampar laurdag. Damene tapte mot både Fortuna 2 og Sykkylven, men slo Skodje.
Fortuna 1 (som bestod av dei eldste jentene i laget) tok sigeren heim med 2-0 over Hødd.
Meir på Volda sine sider.

HaNo-damer på Rica Parkett cup
[12.11 19.05]
HaNo møter Fortuna2, Skodje og Sykkylven i innleiande kampar under innandørs krinsmeisterskap (No under namnet Rica Parkett Cup i Volda laurdag 24. november.
Kl 1300 Fortuna2-HaNo
Kl 1530 Sykkylven-HaNo
Kl 1730 HaNo-Skodje

Puljevinnar og nummer to går vidare til kvartfinale. For heile kamp- og puljeoppsettet, sjå meir her på Volda sine heimesider.

PS! Dersom HaNo vert nummer to i si pulje, går kvartfinalen direkte etter siste puljekamp, nærmare bestemt klokka 18...
PS! Nr 2: Dersom HaNo går vidare til semifinale/finale må ein finne overnattingsstad då det ikkje er mogleg å kome seg heim att laurdag kveld...  


HaNo i mitt hjerte
[06.11 13.47]
Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité ønsker å løfte fram idrettslagenes arbeid, blant annet gjennom kampanjen "Klubben i mitt hjerte", som vi nå arrangerer for fjerde året på rad. Årets kampanje begynner lørdag 3. november og varer til fredag 16. november kl. 12.00. I løpet av den perioden kan alle vi som ønsker å takke våre egne idrettslag, stemme på og jobbe for at akkurat vår klubb vinner flere hjerter og muligheten for å ta del av utstyrspremiene.
Stem her.


Møte i Samarbeidslaget
[01.11 08.12]
Måndag 5. november vert det møte i Samarbeidsutvalet på Fjelltun (ungdomshuset på Haram) kl. 20.00.
Her vert det mogleg å setje av tid på dei ulike husa til konsertar, dansar o.l.

 







 































































 

 



 

 

 

HaNo kontoret
HaNo kontoret vil bli brukt til diverse møter utover året. For at det ikke skal bli noen problemer med når kontoret kan brukes, er det laget en kalender for dette.
Send en mail til web@hanofk.no om du ønsker å reservere kontoret.
Kalender finner du her.
-------------------------------------------------

HaNo sjanselause[22.06]
HaNo kunne tatt leiinga, og dei yppa seg mot slutten av 1. omgang med stor sjanse på 2-1 til Herd. Men utanom det gjorde Herd som dei ville: Spelte ball, rulla opp og skåra ikkje mindre enn sju mål bak Stian Longva før dei gav seg.
Meir her.

God kamp mot Bergsøy[15.06]
HaNo-spelarane var skuffa etter kampslutt. Det forst år vi. Etter ein andre omgong der laget verkeleg fekk til god kontringsfotball med raske overgangar og mange svært klare målsjansar, burde laget ha sikra sigeren.
Referat

Austnes utlikna seint[08.06]
Michael Austnes skårar ikkje veldig ofte for HaNo, men mot Vigra gjorde midtstopparen det viktige 3-3 målet på overtid som gav HaNo eit verdifullt poeng.  1. omgang var svak av HaNo, medan den andre omgangen var langt betre.
Meir her. 

Misbrukte sjansar gav bere eitt poeng[25.05]
HaNo burde leia med tre-fire mål etter første omgang mot Sunnylven, men besluttsomheita framfor mål var dårleg. Sunnylven hang med utover i andre, og straffa HaNo knallhardt med to skåringer. Men i andre kamp på rad berga HaNo eitt poeng mot slutten av kampen.
Meir om kampen her.

Tre poeng til herrelaget [13.05]
Nok ein gong vann HaNo ein sjanserik kamp på heimebane. Sigeren var fortent nok. Laget leia 3 – 1 ved halvtid, skapte flest sjansar og serverte til tider godt spel.
Meir her.

HaNo unnjekk stortap [09.05]
Ørskog var betre enn HaNo i det aller meste i 4. divisjonsoppgjeret torsdag kveld. Ørskog har underprestert hittil i år, og HaNo fekk unngjelde denne gongen. Inneffektive heimespelarar gjorde at HaNo unngjekk eit stortap.
Les meir her.

Tap i ny tøff bortekamp [06.05]
Serieleiar Fortuna2/Guard vann sin fjerde strake siger med sin 2-0 triumf mot HaNo i 3. divisjon. HaNo yppa seg så absolutt i starten av begge omgangar, men Lene Sperre blei den einaste som noterte seg for skåringar denne kampen.
Referat.

Sterk HaNo siger
[03.05]
HaNo leverte ein feiande frisk første halvtime. Laget leia 3-0 etter berre 23 minutt, og Ørsta greidde aldri å snu kampen. Dermed ein sterk, og for mange ein overraskande heimesiger.
Referat.

Fortent bortetriumf
[28.04]
Ei tam serieopning med ingen poeng mot Vartdal sist helg blei avløyst av god innsats, variert spel og ein god dose sjølvtillit med ballen i beina. Det gav 2-1 siger borte mot Sunnylven for eit hardtkjempande HaNo-lag.
Meir om kampen her.

Sterk seier over Sunnylven [26.04]
Herrelaget tok i dag en sterk 2-1 seier borte mot Sunnylven. Målskårere for HaNo var Lars Åkre og Lars Petter Haram. Mer om kampen i Hellesylt kommer seinere.

Tap for herrelaget mot Vartdal [22.04]
Gjestane Vartdal lurte med seg alle tre poenga ved å skåre kampens einaste mål i sluttsekunda i sesongdebuten mot HaNo på Nordøy-graset. Publikum synest nok at uavgjort hadde gitt eit greitt bilete av kampen, men gjestane skapte flest av di få sjansane som var.
Meir her.

Ettmålstap for herrelaget mot Vartdal
[19.04]
Det ble desverre ingen god start for herrelaget i serieåpningen mot Vartdal på Nordøy Stadion.
Gjestendelag avgjorde helt på slutten av kampen, slik at de kunne reise hjem med en 1-0 seier.
Mer om kampen kommer seinere.

SUPERLØRDAG
[17.04]
Lørdag er det endelig seriestart på Nordøy.
Kl. 12.00 starter dagen med damekamp mot Volda.
Kl. 14.30 avsluttes dagen med herrekamp mot Vartdal.
Kom å støtt klubben i ditt hjerte!!

Eittmålstap i generalprøva for HaNo[09.04]
HaNo sitt damelag leverte mykje godt spel og solid defensivt arbeid i treningskampen mot Hjelset/Kleive søndag. Men sjansane blei ikkje omsatt i mål, og dermed vann heimelaget 1-0. HaNo reiste likevel heim att med ei god kjensle i bagen halvanna veke før seriestart.
Meir om kampen her.

Vårcup 2008
[29.03]
Vårcup 2008 er ferdig spillt.
På herresiden gikk Lepsøy av med seieren, mens på damesiden vant Herd2 .
Resultater finner du her

Vårcup 2008
[09.03 20.05]
HaNo FK vil også i år arrangere Vårcup.
Dato for denne tradisjonsrike cupen er 29-30 mars. Mer info vil komme.

Ryddesjau [05.12 07.53]
I desse dager let det lysast ut at det, på hanofk.no, kan oppstå diverse fenomen. Allereie i går var det ein del rare feilmeldingar ute å gjekk.

Men ingen fare, det er ikkje pc'en din som er rar. Det er nemleg web-nemnda som har så smått byrja å rydde litt på sida.

Skulle du no oppdage at framsida har minka, finn du alle opplysningane om kva som hende i august, september og oktober i år under Arkiv-2007 i menyen, eller her: august     september    oktober

Lederstipend til Hallgeir [03.12 08.04]

Fredag vart Hallgeir tildelt Norges Fotballforbund sitt honorære leserstipend 2007. Ingen ringare enn fotballpresident Sondre Kåfjord stod for utdelinga.

Stipendet får Hallgeir for all den tida og arbeidet han har lagt ned i klubben gjennom 20 år.

hanofk.no gratulerer Hallgeir så mykje med den velfortente utdelinga.

Les meir her.

Nytt tilbod til 7'ar senior [28.11 07.46]

Sunnmøre Fotballkrets, i samarbeid med Hødd IL,  kjem no ut med eit nytt vintertilbod til 7'ar senior for både dame og herre.

I staden for Vinterserie i Sunnmørshallen, kjem forslaget no på eit cupspel i den nye Ulsmohallen ved Høddvoll.

Meir om dette kan du lese her.

Invitasjonen med opplysningar om påmelding finn ein her.


HaNo - festen 2007
[10.11 10.12]
HaNo - festen 2007 er historie. Her kjem ei lita oppsummering i ord og bilder. På bildet ser vi dei som fekk prisen for årets dame - og herrespelar, Tone Austnes og Lars Petter Haram.
[les meir...]

 

Sesongoppsummering damelaget [12.11 19.45]

Trude Haram var på 72 av 75 treningar i år. Kari Longva blei mestskårande i serien. Det er noko av dei statistikkane du kan lese meir om her 

HaNo sitt damelag blei som kjend nummer to på tabellen for tredje sesong på rad. Under "treningsframmøte" i menyen under damelaget finn du no ei aldri så lita oversikt over diverse statistikkar for sesongen 2007. Imponerande er Trude Haram sitt 96 prosent frammøte over sesongens 75 fotballtreningar. Les meir

Tekniske problem [06.11 08.12]
Like før helga mista vi kontakt med serveren til Webhuset, der hanofk.no ligg lagra på Internettet. Dette har blant anna gjort at vi ikkje har fått oppdatert HaNo-sida med HaNo festen som var laurdag. Men no har vi fått kontakt og stoff om HaNo-festen vil kome så fort det kjem inn til web-nemnda.

Meir om dette finn du her.

 

HaNo klatra lengre opp [01.11 08.05]
I går kveld viste det seg at fotballen.eu hadde flytta HaNo-sida lengre opp på rangeringa. Heile to plassar lengre opp. hanofk.no er no å finne på ei 79 plass. Kun ei plassering lavere enn i fjor.... Men med tøffare konkurranse.
Sjå lista her.

 

 

www.prikk.com
 

Nettlesaren din godtek ikkje skript - Your browser does not support script