Tap for herrelaget mot Vartdal
4. divisjon:
HaNo opne med heimetap
HaNo – Vartdal: 0 - 1 (0– 0)
Nordøy gras
83 tilskuarar
Mål: 0 - 1 Kenneth Holsæter ( 90 min)
Dommar : Øystein Ytterland, Valder
Gult kort : Michael Austnes og Damian Zuchard, HaNo
Dagens HaNo-spelar: Alf Kåre Longva
Dei elleve utvalde:
Øystein Bergheim, Audun Steen, Michael Austnes, Kenneth Ulla, Richard Hansen, Stian Andre Haram, Lars Petter Haram, Alf Kåre Longva, Odd Einar Molnes, Stig frode Longva og Lars Åkre
Desse gjorde innhopp på kort varsel:
Per Jarle Fjørtoft, Preben Lorgen, Jonas Longva og Damian Zuchard
Gjestane Vartdal lurte med seg alle tre poenga ved å skåre kampens einaste mål i sluttsekunda i sesongdebuten mot HaNo på Nordøy-graset. Publikum synest nok at uavgjort hadde gitt eit greitt bilete av kampen, men gjestane skapte flest av di få sjansane som var.
Sjeldan har vi opplevd ein svakare første omgong på Nordøy stadion. HaNo skapte ikkje ein einaste skåringssjanse. Gjestane var nærast då Leon Romestrand skaut ballen i stonga og ut bak Øystein Bergheim i HaNo-målet. For HaNo greidde Stig Frode Longva å kome til eit innlegg, men forsvaret til Vartdal lensa unna.
Etter pause kom HaNo meir med. Veteran Per Jarle Fjørtoft kom inn i angrepet og dermed greidde laget å halde ballen på gjestane sin banehalvdel i fleire trekk på rad. Men klare måltilbod blei det ikkje. Kaptein og trenar Lars Petter Haram var nær då han nikka over etter frispark. Og enno nærare då han sette ballen i mål etter retur frå gjestemålvakt Allan Kjaerbeck. Dessverre for HaNo annullerte linjemannen for offside.
Siste kvarteret kom gjestane meir med. Petter Ove Sætre skaut like utanfor. Første duellen med målskårar Kenneth Holsæter vann målvakt Øystein Bergheim med ei fin parade. Men skotet i sluttsekunda greidde korkje han eller forsvaret å stoppe.
Dermed eit litt surt heimtap for HaNo. Trøysta får vere at dårlegare kan laget vanskeleg prestere. Knapt ei einaste avslutning mellom stengene og ikkje eit einaste hjørnespark skapte ikkje den store stemninga mellom publikum.
Det positive var at Kenneth Ulla greidde å halde forsvaret organisert kampen gjennom. På midtbana kjempa både Alf Kåre Longva og Lars Petter Haram godt. Men utan at fleire spelarar viser større vilje til å gå på løp utan ball, blir det tungt å ta poeng i kampane som kjem.
Unge Øystein Ytterland, Valder, dømde konsekvent og godt.
Gunnar Standal








