Siger i jamn serieopning
3. div kvinner:
Herd jr.-HaNo 2-3
Mål HaNo: Sunniva Tomren, Britt Tove Vedeld og Linda Kristin Haram
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Elisabeth Longva
2 poeng: Vibeke Flem
1 poeng: Sybell Rogne
I generelprøva før seriestart følte HaNo seg snytt for sigeren med 0-1 tap. I serieopninga mot Herd jr. bikka det tette oppgjeret heldigvis HaNo sin veg. – Herlig å starte med tre poeng i første kamp, sa jentene etter kampen.
Odd Einar Molnes
Det var av enkelte spådd ein målfattig og hardtkjempande kamp med mykje stillingskrig mellom 16-meterane mellom Herd jr. og HaNo. Det stikk motsette skjedde: Ein forrykande 1. omgang enda med 2-3 etter at heimelaget faktisk leia to gonger. Herd jr. tok leiinga på straffespark etter fire minutt. Sybell Rogne redda først meisterleg straffesparket, men skyttaren fekk tak i returen og dermed 1-0.
Kontant i mål
HaNo starta banespelet best, og greidde heldigvis å svare etter 22 minutt. Sunniva Tomren sendte ballen kontant i nota etter godt forarbeid av Linda Kristin Haram og Britt Tove Vedeld på høgresida. Heimelaget gjekk om lag rett opp i leiinga igjen på ei avslutning frå 18 meter. Her gjorde Rogne i målet sin einaste glipp i ein flott seriedebut i mål. Spesielt i feltarbeidet dreg ho nytte av fortida som midtstoppar.
Slo tilbake igjen
Det var sterkt av HaNo igjen å kome tilbake, og etter 32 minutt hadde HaNo snudd til 3-2. Utlikninga kom etter hjørnespark. Etter mykje kjemping i feltet, mellom anna ved Vibeke Flem, så var Britt Tove Vedeld den som fekk ballen i mål. Linda Kristin Haram tok HaNo opp i leiinga etter at Kari Longva spelte ballen forbi keeper. Redninga på strek plukka Haram opp og skåra sikkert.
Volda gonger to neste
Andre omgang var HaNo farleg på nokre overgongar, og burde punktert kampen på eit par sjansar dei fekk. På ei anna side var det heimelaget som klart førte spelet i denne omgangen, og Herd-trenarane var skuffa etter kampen med at det enda med 0 poeng for dei. I HaNo-leiren var stemninga annleis:
- Vi sleit med å halde ballen i laget, og greidde berre å avklare for så å få den i retur dei siste 25 minutta, sa lagkaptein Britt Tove Vedeld. – Men laget la ned ein solid innsats for kvarandre gjennom heile kampen, og det var skikkelig deilig å hale sigeren i land, meinte Vedeld som i lag med lagvenninnene møter Volda heime allereie i morgon laurdag, før Volda igjen borte neste helg. Volda er sjølverklærte favorittar i 3. divisjon. Men eit heiltent HaNo skal gi dei kamp!
Målskårarar i kvite drakter frå venstre Britt Tove Vedeld, Sunniva Tomren og matchvinnar Linda Kristin Haram som stod for det siste målet. Med keeperdrakt: Sybell Rogne