Eittmålstap i generalprøva for HaNo
Treningskamp, Molde kunstgressbane:
Hjelset/Kleive-HaNo 1-0 (0-0)

HaNo sitt damelag leverte mykje godt spel og solid defensivt arbeid i treningskampen mot Hjelset/Kleive søndag. Men sjansane blei ikkje omsatt i mål, og dermed vann heimelaget 1-0. HaNo reiste likevel heim att med ei god kjensle i bagen halvanna veke før seriestart.

Av Odd Einar Molnes

HaNo fekk ein del forfall før denne kampen, og dei 12 spelarane HaNo mønstra fekk ei solid gjennomkøyring på ei god kunstgrasbane i Molde. Hjelset/Kleive blei nummer to i si 3. divisjonsavdeling i fjorårets sesong i Nordmøre/Romsdal. HaNo var mest på hogget i starten, og spelte seg fint gjennom midtbana fleire gongar i første omgang. Judith Vestavik fekk ein dobbeltsjanse etter kvarteret spelt, men blei for ubesluttsom. Nok ei opprulling og godt overgangsspel førte spissmakker Trude Haram åleine etter 27 minutt, men ballen gjekk i tverrliggar og over.

Inneffektive
HaNo burde absolutt hatt minst ei tomålsleiing til pause. Også utover i andre omgang sat midtbana godt med aggressive og konstruktive Britt Tove Vedeld og Sunniva Tomren sentralt. Dei brukte kantane, med løpsvillige May Britt Longva og mellom anna Elisabeth Longva, og på topp gjorde Vestavik og Haram veldig mykje bra med ballen. Berre skåringa mangla. Fleire gongar kom laget rundt på kantane eller gjennom sentralt, men ballen ville ikkje inn. I staden var det H/K som på ein sjeldan visitt skåra frå venstresida si. Innlegget/skotet gjekk i ei fin boge og i mål.

Sårbar tropp
Forsvaret har fått tilbake den solide bautaen Vibeke Flem, og Tone Austnes gjorde ein meget god kamp både som back og stoppar. Silje V. Haram og Anna Longva er unge spelarar som gjorde eit solid inntrykk på sidebackane. Lengst bake finn vi Sybell Rogne, som sporty har omskulert seg som målvakt etter at HaNo si mangeårige målvakt Ann Iren Austnes har lagt opp. Kari Longva måtte tidleg gå ut med strekk, og for andre gong i år måtte HaNo låne spelar med motstandarlaget i sluttminutta. Det vitnar om ein sårbar tropp for fråver og skadar. Men laget har trent godt dei siste vekene, og betre blir det også når alle er på plass. Då skal HaNo vere eit lag å rekne med i toppen av 3. divisjon. Det brakar laust 16. april mot Herd jr. borte. Allereie 19. april er det ”superlaurdag” på Nordøy stadion med HaNo-Volda damer, og HaNo-Vartdal (serieopning 4. divisjon herrer).