Fortent bortetriumf
4. divisjon:
Sunnylven-HaNo 1-2 (1-0)
Mål:
1-0 Alf Ole Sundgot (9)
1-1 Lars Petter Haram (52)
1-2 Lars Åkre (60)
Dommar: Oddbjørn Aam, Ørsta IL.
Juryens dom:
3 poeng: Cato Longva
2 poeng: Lars Petter Haram
1 poeng: Alf Kåre Longva
Ei tam serieopning med ingen poeng mot Vartdal sist helg blei avløyst av god innsats, variert spel og ein god dose sjølvtillit med ballen i beina. Det gav 2-1 siger borte mot Sunnylven for eit hardtkjempande HaNo-lag. – Ein siger som var viktigare enn berre dei tre poenga, meinte Lars Petter Haram.
Av Odd Einar Molnes
Heimelaget tok leiinga på klassisk Sunnylven-vis med gjennomløping av Alf Ole Sundgot allereie etter 10 minutt. Men HaNo lot seg ikkje knekke, og heldt fram med å ha ballen mest, og etterkvart skape nokre få sjansar utover omgongen. Både Lars Åkre og Lars Petter Haram løysna skot som kunne gitt resultat.
Temja Sundgot
Sunnylven skapte faktisk berre eit par halvsjansar resten av kampen takka vere godt og aggressivt midtbanespel, anført av Cato Longva som spelte ein meget god kamp sentralt på midten. Han utfylte offensive Lars Petter Haram på ein glirande måte. Forsvaret til HaNo var flink å falle av og dermed avskjære SIL sitt nesten einaste våpen offensivt: Raske Sundgot.
Avgjorde etter pause
HaNo-trenarane var i pausa klar på at dette ikkje var noko umogleg oppgåve. Heimelaget hadde skåra på sin einaste sjanse og HaNo skulle halde fram med å variere spelet sitt og kome til innlegg. Eit hjørnespark etter sju minutt av omgangen var perfekt utført: Stian Andre Haram dundra inn knallpresist på bakerste, og på slike legg er Lars Petter Haram ustoppeleg. 1-1. HaNo stoppa ikkje der, og i sval medvind prega no blåtrøyene for alvor oppgjeret. Ein aktiv Asgeir Nogva på venstresida fekk mykje rom. Stig Frode Longva avslutta først, keeper gav retur og der sette ein annan Lars (Åkre) inn returen sikkert i mål.
- Vilja på topp
Den siste halvtimen blei sjansefattig. Om nokon skulle skåre, var det heller HaNo som kunne auka enn SIL som kunne utlikne. ”LP” Haram sneia eit frispark med hovudet som lett burde gått inn. Det ebba ut med HaNo-siger, og ein av trenarane, ”LP” Haram, sa dette etter kampen: - Skikkeleg herlig med tre poeng. Sigeren blei eit bevis på at med slik innsats og vilje kan vi også vinne kampar på bortebane. Han har eit godt poeng sidan HaNo faktisk ikkje har vunne på framandt gras sidan september 2006. Neste utfordring er Ørsta på Nordøy stadion 1. mai.

Bilete:
Lars Petter Haram og Lars Åkre med kvar si nettkjenning mot Sunnylven sørgja for tre imponerande bortepoeng.