|
Dermed skal Fortuna2/Guard spele kvalifisering om opprykk til 2.
divisjon seinare i haust. HaNo blei nummer to, med Brattvåg på
tredje plass i årets 3. divisjon. - Ein sesong som gjekk betre enn
frykta. Vi har vel aldri vore så nær toppen, seier trenar Per
Willy Otterlei for BIL sin del. Sidan i sommar har vi hatt lite folk
på trening, og det var totalt sett kjekt å slå HaNo i begge
seriekampane i år. Det har vel ikkje skjedd før, meiner Otterlei.
Om kampen meinte han at den var jamn og sjansefattig. - Og positivt
at vi heva oss kraftig frå kampen mot Sykkylven onsdag.
Utlikning før
pause
HaNo ville gjerne revansjere tapet frå i vår, og dei visste at med
siger levde håpet om seriemeisterskap, men denne gongen produserte
HaNo lite. Veldig sjansefattig første halvtime, og pasningsspelet
sat ikkje. Vibecke Krogsæter og Marianne
Otterlei på topp hos heimelaget var ein slags trussel, men
HaNo-forsvaret med Julie Longva i spissen rydda opp. Heilt til
halvtimen spelt. Då blei det ei opning i HaNo-forsvaret, Ann Iren
Austnes kom ut, og duellen enda med at Vibecke kunne sette ballen i
ope mål. HaNo greidde likevel å svare på overtid i første
omgang. Linda Kristin Haram forserte flott langs høgresida, og Kari
Longva breisida ballen enkelt i mål.
Sjansefattig
Men dette var BIL og spesielt Vibecke Krogsæter sin dag. Etter 20
sekund av den andre omgangen utnytta ho ein HaNo-feil, starta løpet
sitt perfekt og sette ballen iskaldt forbi Austnes i mål. Etter
dette var det knapt ein målsjanse på kunstgraset i Brattvågen.
BIL rodde dermed i land ein fortent 2-1 siger.
-
Skapte lite
Ein av HaNo-trenarane, Kenneth Hansen, oppsummerer kampen slik:
- Skuffande at vi skaper så lite i dag. Brattvåg gjekk også
seirande ut av dei fleste duellane. Vi får aldri satt kampen inn i
vårt spor. Samtidig vert det skåra på dei tre sjansane som er i
kampen. Hansen seier vidare at sesongen sett under eitt må HaNo
vere nøgd med å kome på andre plass på tabellen. - Laget vårt
har mista mange spelarar frå i fjor og løpet av sesongen i år.
Likevel heldt vi totalt sett eit nivå i toppen av 3. divisjon,
seier Kenneth Hansen. No står Innandørs-KM att før sluttstrek
vert sett for sesongen 2007.
|
3. div, Brattvåg kunstgras,
30.09.07:
Brattvåg-HaNo 2-1
(1-1)
Mål:
1-0 Vibecke Krogsæter (31)
1-1 Kari Longva (45)
2-1 Vibecke Krogsæter (46)
Raudt kort:
Julie Longva, HaNo.
Dommar: Palmar Blindheim, Blindheim.
Juryens dom:
3 poeng: Julie Longva
2 poeng: Tone Austnes
1 poeng: Elisabeth Longva
HaNo
(4-3-3)
Ann Iren Austnes
Tone Austnes
Julie Longva
Sybell Rogne
Jill Alice Nogva
May Britt Longva
Ingrid Farstad
Sunniva Tomren
Judith Vestavik
Trude Haram
Elisabeth Longva
Nytta
innbyttarar
Linda Kristin Haram
Kari Longva
Marita Longva
May-Liss Olsen
|