I medvind på Vigra

Bortekampen mot Valder jr. blei prega av sterk vind. Heimelaget leia 3-2 til pause i ein svak HaNo-omgang. Revansjelysta var stor mellom HaNo-spelarane i pausa, og fem skåringar dei siste 45 minutta berga inntrykket denne gongen.

Av: Odd Einar Molnes


Etter mykje att og fram med med stengde baner i Giske kommune, så enda det med kamp på Synnes på Vigra. Bana var slett ikkje verst, jamvel om det var blautt og tungt for spelarane. Det som prega mest var vinden. Heimelaget var farlege på overgangar og brukte vinden godt til å kome seg fram på bana. Men HaNo skåra først. May Britt Longva spelar søster Elisabeth åleine med keeper og det står 0-1. HaNo-forsvaret hadde ikkje vakna, og 1-1 var eit faktum ikkje lenge etter. Kari Longva gjer 1-2 på ein retur etter eit hardt Sunniva Tomren frispark.


Skjerping i pausen
Men heimelaget utnytta eit upresist og slapt markerande HaNo-lag som ikkje greidde å rydda unna godt nok, og til pause stod det 3-2 til det unge Valder-laget. Siste kvarteret stod til stryk av HaNo som ikkje viste vilje og kynisme i det heile. I pausen var det ein alvorsprat, ikkje mest frå trenarane, men frå jentene sjølve som meinte dei kunne langt betre enn dette. Sagt som gjort, etter fire minutt i andre omgang stod det 3-4. Marita Longva kjempar til seg ballen og utlikna. Judith Vestavik breisida inn leiinga etter pasning frå dødlinja av Linda Kristin Haram.

God i andre
Utover omgangen hadde ikkje Valder ein målsjanse, og HaNo i medvind blei alt for sterke. 3-5: Linda køyrer igjen ball i hatt på høgre, og innlegget plasserer Sunniva Tomren hardt og kontant i nettet. 3-6 ordna Linda på eiga hand, medan Marita skåra sitt andre til HaNo sitt sjuande etter god kriging i forkant av Kari Longva. Kari jobba godt og avlutta målrushet til 3-8 etter godt førearbeid av May-Liss Olsen på høgrekanten. Unge Sondre Strømsheim frå Herd dømte kampen godt.

Close race
Det tetnar seg til i 3. divisjon for kvinner. Det gleda å sjå kamplysta til HaNo i den andre omgangen. Også Brattvåg viser solid haustform og slo Herd 2-1 i helga. Guard/Fortuna2 leiar tabellen med 36 poeng, framføre HaNo (34) og Brattvåg (32) før dei to siste serierundane. I siste seriekamp møtest Brattvåg og HaNo på Brattvåg stadion.


 

3. div, Aksla stadion, 03.09.07:

Guard/Fortuna2-HaNo 9-0
(4-0)

Dommar:
Ståle Navelsaker, Aksla IL

Juryens dom:
3 poeng: Jill Alice Nogva
2 poeng: Elisabeth Longva
1 poeng: Hege Schanke

HaNo (4-5-1)

Hege Schanke

Tone Austnes
Julie Longva
Jill Alice Nogva
Elisabeth Longva

Kari Longva
Ingrid Farstad
Sunniva Tomren
May Britt Longva
Trude Haram

Marita Longva

Nytta innbyttarar
Sybell Rogne
Elise Fugledal
Natascha Hoedemakers
May Liss Olsen

Dagens mest sporty
Hege. Ho stiller nok ein gong opp på kort varsel etter at målvakt Ann Iren dessverre måtte hive inn handkleet pga sjukdom.


 

                www.prikk.com