Solid siger for HaNo

HaNo spelte godt i to omgangar denne gongen og vann med solide 5-0. Fire målskårarar og relativt trygt defensivt spel sikra ein komfortabel trepoengar. No blir Brattvåg-HaNo komande søndag avgjerande! 

Av: Odd Einar Molnes


Brattvåg spelar sin siste kamp borte mot Sykkylven onsdag. Bortesiger der, og dei er to poeng bak HaNo før det store avgjerande lokaloppgjeret søndag på Brattvåg kunstgras. HaNo har altså gjort sin del av jobben, og vann klart mot Sunnylven på Rognebana.

Judith opna
Judith Vestavik skåra første omgang sitt einaste mål då ho lurte seg inn bak backen sin og skåra sikkert. Pasninga frå Julie Longva gjekk heilt gjennom forsvaret. Judith igjen, samt Kari Longva og Linda Kristin Haram hadde gode målsjansar for heimelaget, men det blei med den eine skåringa før pause. Sunnylven hadde ei heading ved første stolpe som sin målsjanse den første omgangen. 

Forsvaret med svar på tiltale
Forsvaret til HaNo fekk peppar for innsatsen sist. Det inntrykket retta dei verkeleg på denne gongen, med to omgangar det lyste konsentrasjon av. I andre omgang blei HaNo det klart førande laget. Kari fekk nye sjansar, medan Sunniva Tomren skaut frå langt hold etter eitt minutt. Ballen traff måltjuven Trude Haram og gjekk i mål. Generøst av Sunniva, typisk av spissen Trude! 

Heimelaget sin omgang
SIL gav ikkje heilt opp, og yppa seg med eit skot som Ann Iren Austnes slo i stolpen. Dei var også åleine med Ann Iren etter sju minutt, men den rutinerte målvakta sørgja for å kome ut og gjere målet mindre, og angriparen skaut utanfor. Etter dette var det kun HaNo. Kvarteret spelt etter pause stussa Trude gjennom Linda, som skåra sikkert. 4-0 skåra Trude sjølv med eit godt plassert skot ved første stolpe. Pasninga frå dagens HaNo-spelar Tone Austnes var god. Marita Longva trygga ein solid 5-0 siger ti minutt før full tid med si gode avslutning etter eit innlegg frå Sunniva Tomren. Totalt sett ein godt gjennomført kamp av HaNo. 

3. div, Rogne stadion, 23.09.07:
HaNo- Sunnylven jr* 5-0 (1-0)
Mål:
1-0 Judith Vestavik (22)
2-0 Trude Haram (46)
3-0 Linda Kristin Haram (60)
4-0 Trude Haram (73)
5-0 Marita Longva (81)

Dommar:
Kjell-Erik Slinning, Herd.

Dagens HaNo-spelar: Tone Austnes

Juryens dom:
3 poeng: Tone Austnes
2 poeng: May Britt Longva
1 poeng: Elisabeth Longva

HaNo (4-3-3)

Ann Iren Austnes

Tone Austnes
Julie Longva
Sybell Rogne
Elisabeth Longva

May Britt Longva
Ingrid Farstad
Sunniva Tomren

Judith Vestavik
Kari Longva
Marita Longva

Nytta innbyttarar
Linda Kristin Haram
Trude Haram
Jill Alice Nogva

 

 

                www.prikk.com