|
HaNo måtte komponere eit nytt forsvar sidan Nina Tomren er ute
resten av sesongen grunna lukkelege omstende, og stopperkollega
Julie Longva var vekke i bryllaup. Men stopperduoen Jill Alice Nogva
og Sybell Agathe Rogne spelte fokusert og botnsolid. På backane
laga Tone Austnes og Elisabeth Longva svilukt på gummigranulata på
Herdtun. Aggressiviteten var på topp. Heilt bakerst stod Ann Iren
Austnes som ein vegg og dirigerte forsvaret godt.
HaNo-overtak
Judith Vestavik er tilbake for fullt i HaNo-drakta og markerte seg
med ein gong på høgrekanten. Etter tre minutt la ho inn/skaut, og
Kari Longva fekk nesten tåa ballen inn. Herd svara, og lobben til
angriparen gjekk rett over HaNo-målet. Trude Haram avslutta etter
14 minutt, men keeper berga. May Britt Longva la inn frå venstre
etter 20 minutt, men keeper kom ut og tackla Kari ureglementert.
Frisparket sette Sunniva Tomren over. Herd kom gjennom forsvaret ein
sjeldan gong etter 22 minutt, men Ann Iren kom ut og forstyrra nok
til at avslutninga blei for svak. Linda Kristin Haram kom på
slutten av omgangen rundt nokre gongar på kanten, men avslutningane
blei det lite fres over. Marita Longva skaut rett før pause, og
Linda "skåra", men dommaren annullerte korrekt for
offside.
Herlig
tidspunkt
Førsteomgangen var jamn med eit lite overtal i HaNo-sjansar.
Heimelaget var derimot kvassast i starten av den andre omgangen.
Joakim Austnes og trenarkollegaene for heimelaget ropte og mana til
innsats, for dei såg det same som oss; Det verka som om Herd hadde
mest krefter att. Dei dominerte dei første 20 minutta av omgangen,
men dei kom ikkje til mange sjansane i det kompakte HaNo-forsvaret.
HaNo var sjeldnare på visitt mot Herd sitt mål. Då var det enormt
befriande for HaNo at ein overgang enda med at Marita Longva sette
ballen til høgre for målvakta frå om lag 14 meter og tok HaNo opp
i leiinga!
Lagsiger
Etter skåringa fekk HaNo nye krefter, og kom spelemessig med att i
kampen. Dei unge spelarane Elise Fugledal og Natascha Hoedemakers
gav også friske krefter dei siste 25 minutta og viste at dei held
nivået. Både Herd og HaNo, to gongar ved Linda, fekk relativt
store målsjansar mot slutten, men det enda 0-1 på Herdtun.
Laginnsatsen og vilja til å vinne denne kampen var framifrå.
Innsatsmessig var dette årsbeste for HaNo. Samtlige spelarar stod
fram og jobba for LAGET. Det er kjekt å ta med seg inn i
haustsesongen.
|
3. div, Herdtun, 19.08.07:
Herd-HaNo 0-1 (0-0)
Mål:
0-1 Marita Longva (67)
Dommar: Odd-Einar
Svinøy, Herd
Gult kort: Linda K. Haram
Juryens dom:
3 poeng: Elisabeth Longva
2 poeng: Ann Iren Austnes
1 poeng: Tone Austnes
HaNo
(4-4-2)
Ann Iren Austnes
Tone Austnes
Sybell Rogne
Jill Alice Nogva
Elisabeth Longva
Judith Vestavik
Ingrid Farstad
Sunniva Tomren
May Britt Longva
Trude Haram
Kari Longva
Nytta
innbyttarar
Linda Kristin Haram
Marita Longva
Natascha Hoedemakers
Elise Fugledal
|