HaNo vann trass sjansesløseri

HaNo vann sin andre 1-0 siger på bortebane på rad. Mot Ørsta burde sigeren vore langt større, men på ei anna side var Ørsta nære på å utlikne to gongar heilt på slutten av kampen.

Av: Odd Einar Molnes


- Vi spelte ikkje særleg god fotball før pause, men kom oss i andre omgang. Vi sleit likevel veldig med å sette sjansane. Bakover har vi god kontroll, sjølv om dei fekk eit par sjansar på slutten. Slik oppsummerte kaptein Sunniva Tomren kampen mot Ørsta søndag, og la til: - Til helga på HaNo-dagane mot Sykkylven må vi opp nokre hakk. Og i alle fall mot Guard/Fortuna2 to dagar etterpå!

Utnytta høgresida
Same Sunniva var nær og gi HaNo ei kanonopning, men skota etter eitt og 11 minutt gjekk utanfor og i stolpen. Utover i omgangen kava HaNo mot eit taktisk klokt og defensivt heimelag. Først då Linda Kristin Haram kom inn etter halvtimen kom HaNo til dei store sjansane. Først blei ho tackla etter at ho hadde passert målvakta, men etter 38 minutt gjorde ho alt rett då ho blei fint spelt gjennom på kanten og ballen sikkert blei plassert forbi keeperen.

Sjansesløseri
I andre omgang set serieleiaren inn turboen, greier å kome rundt på begge kantane og forsvaret spelar kontant og godt. Men det blir ikkje mål, sjølv etter desse sjansane:
2. minutt: Linda gjennom, målvakta reddar.
3. minutt: Kari Longva skyt utanfor frå 5 meter.
5. minutt: Sunniva skyt i tverrliggjar etter godt spel på venstresida.
20. minutt: Linda plasserer, men ballen går på innsida av stolpen. 

Nær utlikning
Så opna kampen seg noko opp. HaNo hadde ballen mest, men Ørsta var farlege på overgangar. Forsvaret til HaNo byrja og rote veldig, og midtbana hang ikkje like godt i hop. Ørsta hivde inn på to nye spissar, og desse fekk to livsfarlege målsjansar mot slutten. Den første sette dei utanfor, og på den andre kjem Tone Austnes og set inn ei tackling i siste liten. Dermed fortent bortesiger, men Ørsta-jentene skal ha ros for tapper innsats.  

3. div, Ørsta kunstgras, 26.08.07:

Ørsta
-HaNo 0-1 (0-1)

Mål:
0-1 Linda Kristin Haram

Dommar:
Henning Nygård, Vartdal

Juryens dom:
3 poeng: Ingrid Farstad
2 poeng: Tone Austnes
1 poeng: Jill Alice Nogva

HaNo (4-4-2)

Ann Iren Austnes

Tone Austnes
Sybell Rogne
Jill Alice Nogva
Elisabeth Longva

Judith Vestavik
Ingrid Farstad
Sunniva Tomren
May Britt Longva

Trude Haram
Elise Fugledal

Nytta innbyttarar
Kari Longva
Linda Kristin Haram
Julie Longva
Natascha Hoedemakers
May Liss Olsen

 

Linda blei matchvinnar, medan Ingrid fekk 3 poeng av dagens jury. 

Her har dei selskap av Sunniva og Jill Alice i bilen på Festøy. 

Og kven er så dette? Jaudå, det er trenar Kenneth Hansen med to tomlar i véret i bilen til Sybell for tre poeng med i bagasjerommet på Lagunaen!

                www.prikk.com