|
Viktig siger til HaNo-damene
Av: Gunnar Standal
I høve HaNo-dagane fekk
HaNo-damene vise seg fram for eit talrikt publikum. Og dei fekk vise
at dei kan spele god fotball, i alle fall første halvtimen av
kampen. Høgt tempo og variert angrepsspel gav sjanse på sjanse, og
laget leia fortent 3 – 0. Men så kom gjestane meir med og reduserte
ein gong før pause og ein etter. Då tok kaptein og Dagens
HaNo-spelar, Sunniva Tomren, ansvar og sette eit frispark flott i
mål. Tre viktige poeng og framleis tabelltopp.
HaNo serverte festfotball
første halvtimen. Laget brukte banebreidda godt og opna
gjesteforsvaret med presise innlegg og gode krossballar. Kari Longva
skåra etter litt att og fram i gjestefeltet. Nummer to kom etter
vakkert spel. Etter fleire trekk fekk Trude Haram ballen på
venstrekanten, og det presise legget nikka Sunniva Tomren perfekt i
nota. Trude Haram auka l til 3 - 0 då ho lobba over ein utrusande
Marte Vatsaas i gjestemålet. Etter dette fall tempoet og gjestane
kom framover på bana. Første reduseringa kom etter ein god
prestasjon av Henriette Tandstad. Med ryggen mot mål vende ho seg
fri og skaut overraskande over Ann Iren Austnes i HaNo-målet.
Ander omgong vart langt frå
så velspelt og temporik som første. Men Marita Årseth skapte
spenning i kampen då ho fekk eit langt framspel, sprang frå
HaNo-forsvaret, lurte målvakt Austnes og skåra nummer to for
gjestane. Like etter fekk Camilla Aure sjansen til å utlikne, men
god redning av Austnes berga HaNo. Eit direkte frispark til HaNo frå
tjue meter skulle avgjere kampen. Kaptein Tomren, best på bana,
brukte den gode skotfoten sin og sikre heimsiger med eit velplassert
skot under tverrliggaren.
Dermed kunne ein god dommar
Navelsaker blåse av ein kortfri kamp.
”Ein svært bra første
halvtime frå vår side. Sjeldan har laget spelt så godt!” Trenar Odd
Einar Molnes nøgd med den perioden av kampen. ”Så vart det tregt.
Unødvendig å lage det så spennande når vi hadde så god kontroll.”
Neste kamp for HaNo-damene
er borte mot Fortuna2/Guard alt måndag. Med poeng til HaNo i den
kampen, vil framleis tabelltopp vere sikra. Med heimesiger vil
Fortuna2/Guard overta tabelltoppen. Møt fram og hei på damene til
HaNo!!
|
3. divisjon:
HaNo – Sykkylven: 4 – 2 (3– 1)
Nordøy gras
Mål:
1 – 0 Kari Longva ( 8 min)
2 – 0 Sunniva Tomren ( 16 min)
3 – 0 Trude Haram ( 25 min)
3 – 1 Henriette Tandstad ( 32 min)
3 – 2 Marita Årseth ( 58 min)
4 – 2 Sunniva Tomren ( 75 min)
Dommar:
Ståle Navelsaker, Aksla
Kort :
Ingen
Stjerner HaNo:
*** Sunniva Tomren
** Tone Austnes
* Sybell Flem Rogne
Laget til HaNo:
Ann Iren Austnes
Tone Austnes,
Jill Alice Nogva
Sybell Flem Rogne
Elisabeth Longva
May Britt Longva
Sunniva Tomren (kaptein)
Ingrid Farstad
Judith Vestavik
Kari Longva
Trude Haram
Innhopp:
Marita Longva
Julie Longva
Elise Fugledal
Natascha Hoedemakers
May Liss Olsen
|