|
Etter
mykje att og fram med med stengde baner i Giske kommune, så enda
det med kamp på Synnes på Vigra. Bana var slett ikkje verst,
jamvel om det var blautt og tungt for spelarane. Det som prega mest
var vinden. Heimelaget var farlege på overgangar og brukte vinden
godt til å kome seg fram på bana. Men HaNo skåra først. May
Britt Longva spelar søster Elisabeth åleine med keeper og det står
0-1. HaNo-forsvaret hadde ikkje vakna, og 1-1 var eit faktum ikkje
lenge etter. Kari Longva gjer 1-2 på ein retur etter eit hardt
Sunniva Tomren frispark.
Skjerping
i pausen
Men heimelaget utnytta eit upresist og slapt markerande HaNo-lag som
ikkje greidde å rydda unna godt nok, og til pause stod det 3-2 til
det unge Valder-laget. Siste kvarteret stod til stryk av HaNo som
ikkje viste vilje og kynisme i det heile. I pausen var det ein
alvorsprat, ikkje mest frå trenarane, men frå jentene sjølve som
meinte dei kunne langt betre enn dette. Sagt som gjort, etter fire
minutt i andre omgang stod det 3-4. Marita Longva kjempar til seg
ballen og utlikna. Judith Vestavik breisida inn leiinga etter
pasning frå dødlinja av Linda Kristin Haram.
God
i andre
Utover omgangen hadde ikkje Valder ein målsjanse, og HaNo i medvind
blei alt for sterke. 3-5: Linda køyrer igjen ball i hatt på høgre,
og innlegget plasserer Sunniva Tomren hardt og kontant i nettet. 3-6
ordna Linda på eiga hand, medan Marita skåra sitt andre til HaNo
sitt sjuande etter god kriging i forkant av Kari Longva. Kari jobba
godt og avlutta målrushet til 3-8 etter godt førearbeid av
May-Liss Olsen på høgrekanten. Unge Sondre Strømsheim frå Herd dømte
kampen godt.
Close race
Det tetnar seg til i 3. divisjon for kvinner. Det gleda å sjå
kamplysta til HaNo i den andre omgangen. Også Brattvåg viser solid
haustform og slo Herd 2-1 i helga. HaNo har 36 poeng, Fortuna2/Guard
34 og Brattvåg 31, men dei to konkurrentane har ein kamp mindre
spelt før dei to siste serierundane. I siste seriekamp møtest
Brattvåg og HaNo på Brattvåg stadion.
|
3. div, Synnes gras, 16.09.07:
Valder
jr.-HaNo 3-8 (3-2)
Mål
HaNo:
Kari Longva 2, Marita Longva 2,
Elisabeth Longva, Judith Vestavik, Linda Kristin Haram, Sunniva
Tomren.
Dommar: Sondre Strømsheim, Herd
Juryens dom:
3 poeng: Linda Kristin Haram
2 poeng: May Britt Longva
1 poeng: Kari Longva
HaNo
(4-3-3)
Ann Iren Austnes
Tone Austnes
Sybell Rogne
Julie Longva
Jill Alice Nogva
May Britt Longva
Ingrid Farstad
Sunniva Tomren
Kari Longva
Trude Haram
Elisabeth Longva
Nytta
innbyttarar
Linda
Kristin Haram
Judith Vestavik
Marita Longva
May-Liss Olsen
Dagens vind
Frå sørvest,
etter Hansen sitt syn. Prega kampen voldsomt. Valder fekk den dels i
ryggen i første omgang, HaNo i den andre.
|