HaNo-Norborg 2-2:

Dramatisk lokaloppgjer
4. divisjon, Nordøy stadion:
HaNo-Norborg 2-2 (1-0)
Mål:
1-0 Lars Petter Haram (22)
1-1 Stein Erik Alvestad (48)
1-2 Morten Kalvø (70)
2-2 Sjølvmål (73)
Dommar: Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg IL
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Alf Kåre Longva
2 poeng: Øystein Bergheim
1 poeng: Asgeir Nogva
Juryens dom, Norborg:
3 poeng: Morten Kalvø
2 poeng: Stein Erik Alvestad
1 poeng: Adrian Håbet

For publikum blei dette det dei håpte på: Eit tett lokaloppgjer med to offensive lag som underheldt godt. Medan Norborg hadde flest sjansar, så var HaNo sine store. Begge lag var fortvilte etter brente sjansar og kontroversielle avgjerder utover i den andre omgangen.

Av Odd Einar Molnes

- Dette blir heilt jamt som alltid her ute. Den som orkar mest, vinn, spådde Norborg-trenar Ivar Roald før kampen. Vi kan gi han rett i den spådomen, sidan laga kampen sett under eitt hadde om lag like mykje ork, og at det enda med uavgjort på Nordøy stadion. Norborg var tydeleg mest misnøgd med det resultatet etter kampslutt. Dei meinte dommar Hatlehol ikkje skulle annulert ein ball som gjekk i mål på overtid.

Norborg-dominans utan resultat
Eller kanskje var det starten dei gremma seg over. For første tjue minutta hadde bortelaget trykket. Utanom ein stor HaNo-sjanse i det fjerde minutt regissert av Stian Andre Haram,så var det dei oransje som etter tur og orden utfordra HaNo. Stein Erik Reitan hadde eit par forsøk, medan Geir Ove Grønli heada i stonga. Stein Erik Alvestad varsla med sitt skot i nettveggen at han ikkje hadde tenkt å ”stå” venstreback denne kampen. Stig Frode Longva kom gjennom etter kvarteret, men same Alvestad blei no redningsmann på streken.

HaNo svarar
Midt i omgangen kom HaNo sakte, men sikkert meir med i duellane og dermed i kampen. Asgeir Nogva spelte fri Stig Frode Longva, som avslutta mot Geir Roar Gamlem. Midtbanespelar og måltjuv Lars Petter Haram gjorde som han ofte har gjort før: Sette returen i mål. 1-0 på eit gunstig tidspunkt for HaNo som altså viste at dei ville vere med i lokaloppgjeret. Mot slutten av omgangen var Norborg igjen dominerande, men Øystein Bergheim i HaNo-målet blei ikkje testa ut skikkeleg.

Borteleiing og strafferedning!
Tarjei Urkedal markerte starten på ein fest-omgang med ein halv volley frå skrått hald, men skotet gjekk over. Nemnde Alvestad raida igjen på si venstreside minuttet etter, og avslutta likegodt med å sette ballen mellom beina på Bergheim og i nota. Flott skåring! Det opna seg opp etter dette. Begge laga verka interessert i å angripe. Norborg med noko omstendeleg oppbygging, medan HaNo var raskare i enkelte av overgangane sine. Stig Frode Longva heada eit Kennth Ulla-frispark 20 cm utanfor etter 16 minutt av omgangen. Morten Kalvø ruva godt i luftrommet som vanleg for Norborg, og han bidrog også offensivt med det midt i omgangen. Ingen med blå drakt rydda unna innlegget, og Kalvø tok Norborg opp i 2-1 leiing. Den kunne Steffen Grytten gjort til 3-1, men straffesparket hans berga Bergheim, og spenninga var framleis stor i kampen.

Sjansar mot slutten
Berre to minutt etter er utlikninga eit faktum. Asgeir Nogva slår corner, og i feltet er ein Norborg-spelar sist på ballen. Siste kvarteret blir nervepirrande, med opnare spel og meir strekk i begge lag. Norborg er framleis det mest ballbesittande laget, men HaNo fekk to gigantsjansar til å gjere 3-2. Først Cato Longva, som faktisk var forbi både keeper og Kjell Terje Brusdal, men sistnemnde fekk ei lang tå på ballen og rydda vekk. Odd Einar Molnes greidde ikkje å presse ballen ned på blankt mål i det 89. minutt. Begge desse sjansane etter godt kontringsspel. I mellomtida heada også Lars Petter Haram i tverrliggaren. Så, heilt på overtid trur Norborg i nokre sekund at dei har sigeren i hamn, men dommar Hatlehol godkjenner ikkje ”skåringa” etter mange samanstøyt i feltet.

Midt på tabellen
For publikum blei dette godt betalt. Haramsderbyet bydde på offensiv fotball med to fair-spelande lag som begge ville vinne. – Eg forventar ein god kamp med god laginnsats, sa ein av HaNo-trenarane LP Haram før start. Han fekk nok mange gode svar frå sine lagkameratar i denne kampen. Neste utfordring er Vigra borte, medan Norborg tek i mot Sunnylven heime i neste runde. Då for vi sjå om laga ser oppover (HaNo 6.plass, Norborg 5. plass) eller nedover i den tette 4. divisjonstabellen.    

HaNo (4-4-2):
Øystein Bergheim- Audun Steen, Michael Austnes, Kenneth Ulla, Richard Hansen- Stian Andre Haram, Lars Petter Haram, Alf Kåre Longva, Asgeir Nogva- Stig Frode Longva, Cato Longva.
Nytta innbyttarar: Odd Einar Molnes, Kent Inge Klokk.

 


    To gamle ringrevar: Asgeir Nogva sentral for HaNo, medan Stein Erik Reitan var frampå med forsøk i 1. omgang.



    Cato Longva med blomar for 50 kampar.


    Jonas Longva med blomar for 50 kampar.