Knallopning av HaNo

Etter to serierunder står HaNo sitt damelag med full pott. Det er sterkt med tanke på at motstandar har vore to av favorittane til opprykk. Laurdag var det fjorårets 2. divisjonslag Volda som vart sendt heim utan poeng.

Kenneth Ulla

3. div kvinner
HaNo – Volda 1-0 (0-0)
Nordøy stadion
66 tilskodarar

Mål: Linda Kristin Haram (58)

Raudt kort: Gina Rundtom, Volda (22)
Dommar: Odd Arne Grande, Skodje

Stjerner HaNo:
*** Vibeke Flem
** Britt Tove Vedeld
* Silje Vindsnes Haram

- Planen var å gå ut aggressivt og springe dei i senk. Eg er kjempefornøgd og stolt over måten vi gjennomfører kampen på, slo HaNo – trenar Odd Einar Molnes fast etter kampen. Eg trur nok at vi overraska Volda litt. No vert det ei formidabel utfordring for oss å møte dei til bortekamp allereie neste helg. Tippar Volda er småtent før det oppgjeret, smiler ein nøgd HaNo – trenar.
Og det er nok ikkje tvil om at eit hardtsatsande Volda – lag vart tatt på senga av eit innsatsfylt HaNo – lag. Det var tydeleg frå start at denne kampen skulle vinnast. Spelarane kriga i alle duellar, og prøvde å spele fotball så snart dei vann ballen. Etter 7 minutt fekk HaNo sin første halvsjanse, men avslutninga etter corner gjekk over.

Sjansefattig
Det vart skapt svært få sjansar i første omgang. Volda var farleg frampå to gongar. Begge gongane var det Åse Skaare som kom seg fri, men avslutta utanfor Sybell Rogne i HaNo sitt mål.
Etter 22 minutt kom episoda som nok var med på å avgjere kampen. Vibeke Flem heada ein corner mot mål, og Gina Rundtom redda med handa. Dermed straffe og raudt kort. Sunniva Tomren sette straffa hardt i stolpen. Med ein spelar meir var det HaNo som styrte resten av omgangen, men utan å kome til dei store sjansane.
Avgjersla fall etter 58 minutt. Trude Haram spelte gjennom Linda Kristin Haram som sette ballen sikkert i langhjørnet frå hjørnet av 5-meteren. Like etter hadde May Britt Longva sjansen til å punktere kampen, men ho sette ballen rett på keeper då ho var gjennom.

Volda meir med
Mot slutten av kampen kom Volda meir med. HaNo vart nok litt slitne av all springinga, og gjestane jobba seg meir inn i kampen. Målsjansar var det derimot lite av, og dermed vann HaNo ein fortent siger.
Ingen tvil om at dette var ein solid lagsiger. HaNo er eit av dei laga i divisjonen med mest rutine. Det kan vere avgjerande i slike jamne kampar. Laurdag var det ei av dei mest rutinerte som var best på bana. Vibeke Flem spelte ein solid kamp i midtforsvaret. Flem er sterk i duellspelet, og ein god i forsvarsdirigent. Dette gjer henne til ein viktig spelar for HaNo. Ros også til unge Silje V. Haram som med god fysikk og god speleforståing greidde seg godt på venstrebacken.

Neste helg er det ny kamp mot Volda. Det er haustkampen som er flytta. Poeng på kunstgraset i Volda vil vere ein sterk prestasjon

 

 

Bilde:
Matchvinnar Linda Kristin Haram vert løfta av Dagens HaNo – spelar, Vibeke Flem. (Foto: Hege Schanche)