Tekst og foto: Gunnar Standal
”Innsatsen er bra, men vi får ikkje til spelet vårt slik vi vil,”
forklarte lagkaptein Lars Petter Haram etter kampen. ”Vi fekk til
ein god første omgong, men så taper vi på slutten. Min feil det! Eg
gjorde det enkelt for Skorpen.”
Og det var sant. HaNo gjorde det enkelt for Frank Sverre Skorpen. To
gonger fekk han gåver med HaNo-forsvaret, og to gonger skåra den
rutinerte spissen. Kostbare personlege feil i forsvaret avgjorde
kampen! Når det er sagt, skapte gjestane nok sjansar til å skåre mål
på godt spel, men ein god Henrik Åkre i HaNo-målet vann fleire
viktige duellar mann mot mann.
Første omgong vart sjanserik og underhaldande. Begge lag fekk til
gode angrep. Gjestane skåra først etter at Skorpen snappa eit forsøk
på tilbakespel til målvakt Åkre. Så kom HaNo. Kenneth Ulla var nær
fleire gonger etter gode innlegg frå Odd Einar Molnes. Men det vart
Richard Hansen som utlikna då han lurte eit frispark frå Molnes i
mål på bakre stolpe.
Andre omgong vart mest midtbanekamp. Gjestane skapte mest, og det
var ikkje ufortent at dei tok med tre poeng sørom Breisundet. Siste
ti minutta hadde både Harald Haugen og Bjørnar Gundersen feite
tilbod, men Åkre hindra større tap.
HaNo ligg utsett til på tabellen. Likevel viser laget glimtvis
positive takter. Situasjonen er ikkje håplaus. Mange gode, unge
spelarar viser treningsiver og framgong frå kamp til kamp. Og
framleis er det mange poeng som skal delast ut før hausten er omme.
Då gjeld det at alle spelarane er villige til å sveitte for laget og
gi alt i kampen for å berge plassen i divisjonen. Trenar Ulla og
laget treng alle den støtte dei kan få. Der har publikum eit ansvar.
Det var tynt på tribuna laurdag.
|
HaNo – Bergsøy: 1 – 2 (1 – 1)
Nordøy gras
76 tilskuarar
Mål: 0 – 1 Frank Sverre Skorpen ( 18 min)
1 – 1 Richard Hansen ( 33 min)
1 – 2 Frank Sverre Skorpen ( 75 min)
Dommar : Matias Kringstad, Valder
Gult kort : Magne Havnen og Dag Jøran Brandal, Bergsøy
Laget :
1. Henrik Åkre
2. Audun Steen
3. Richard Hansen
4. Michael Austnes
5. Jonas Longva
6. Odd Einar Molnes
7. Lars Petter Haram (k)
8. Alf Kåre Longva
9. Asgeir Nogva
10. Ove Otterlei
11. Kenneth Ulla
Innhopp: Even Vestavik, Vebjørn Steen og Vegard Halkjelsvik
Stjerner HaNo:
*** Michael Austnes
** Asgeir Nogva
* Henrik Åkre
|