Første haustsiger til HaNo

For andre gong denne sesongen runga HaNo sitt sigersrop over Nordøy stadion etter kampslutt for herrane. ”Kjempekjekt! Endeleg lykkast vi med å drage ein siger i land! Vi har tapt svært mange jamne kampar denne sesongen,” smilte kaptein Lars Petter Haram etter kampslutt.


Av: Gunnar Standal



To gode målvakter sørgde for at det sjanserike og til tider velspelte oppgjeret ikkje vart målrikt. Første omgong opna og slutta med gode sjansar til HaNo. Ove Otterlei opna med hardt skot frå skrått hald, og avslutta med eit godt nikk på innlegg frå Asgeir Nogva. Returen blåste Odd Einar Molnes over målet til gode Oddbjørn Holvik. Asgeir Nogva hadde også ei god avslutning frå venstrekanten, men ballen sneik seg utanfor. På venstrekanten til gjestane herja fintesterke og raske Jonny Moltubakk som kom til fleire avslutningar. Heldigvis for HaNo stod Henrik Åkre feilfritt i mål. Dermed mållaust til pause.

Måla kom etter kvilen. Stig Frode Longva var arkitekten bak begge Hano sine mål. Først drog han seg elegant forbi ein forsvarar i feltet og vart lagt ned. Hatlehol peika korrekt på straffemerket. Lars Petter Haram sende målvakt Holvik til eine sida og ballen i andre. Ove Otterlei avgjorde kampen då han fekk eit flott gjennomspel frå spissmakker Longva. Otterlei var kald og trilla ballen roleg forbi Holvik. I mellomtida hadde Bendik Torset utlikna for gjestane då han fekk skyte frå seksten meter etter at HaNo slurva med avklaringar.

Fleire mål vart det ikkje. Dermed tre viktige poeng til Hano i kampen for å behalde plassen i divisjonen. ”Vi har fire kampar att – tre av dei heime,” forklarte kaptein Haram. ”Det er framleis tolv poeng å kjempe om, og denne sigeren gav oss trua på at vi kan lykkast.”

For HaNo var dette ein arbeidssiger. Kvar spelar ytte sitt beste for laget. Henrik Åkre stod stødig i mål, Kenneth Ulla og Michael Austnes spelte godt i midtforsvaret. På midtbana kjempa Even Vestavik og Lars Petter Haram godt, men LP får trekk for slurvete tversoverpasningar som gav gjestane tilbod. På venstrekanten herja Asgeir Nogva i kjent stil, og framme skapte Stig Frode Longva sjansar, særleg i andre omgong.



 


4. divisjon:

HaNo – Larsnes/Gursken: 2 – 1 (0 – 0)
Nordøy gras
56 tilskuarar

Mål: 1 – 0 Lars Petter Haram, straffespark ( 47 min)
1 – 1 Bendik Torset ( 60 min)
2 – 1 Ove Otterlei ( 75 min)


Dommar : Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg
Gule kort : Frode Moltubakk, L/G; Richard Hansen og Lars Petter Haram, HaNo

Dagens HaNo-spelar: Asgeir Nogva



Laget til HaNo:
1. Henrik Åkre
2. Alf Kåre Longva
3. Michael Austnes
4. Kenneth Ulla
5. Richard Hansen
6. Odd Einar Molnes
7. Even Vestavik
8. Lars Petter Haram (k)
9. Ove Otterlei
10. Stig Frode Longva
11. Asgeir Nogva

Innhopp:  Cato Longva og Vegard Halkjelsvik








 


Innmarsj
 

Hausten er komen
 

Michael i duell
 

Dagens HaNo - spelar på farta
 

Bra innlegg frå Asgeir
 

Vegard gjer seg klar
 

Ova vart litt for sein her.
 

Publikum før den o store haglebyga kom
 

Stig Frode kjempe godt kampen gjennom
 

Her vart det vanskeleg med bildetekst...
 

Stig Frode før han var skiten!
 

Lars Petter sette sikkert straffa i mål like etter pause
 

Bra oppmøte her!
 

Cato og LP i feltet
 

Vegard kom innpå siste minutta
 

- Kom igjen Odd Einar! No he oss han Even!
 

Endeleg kunne HaNo-ropet runge over stadion, sjølv om ikkje alle spelarane hugsa heilt korleis dette skulle gjerast:)
 
 

 

                www.prikk.com