|
Av:
Gunnar Standal
Adrian Håbet spelte første
kampen sin for Norborg etter overgong frå Brattvåg. Det gjorde han
ved å skaffe gjestane tre nye poeng og sikker plass midt på
tabellen. HaNo spelte jamt med gjestane, men laget slit med å ta
poeng i jamne kampar. Dagens HaNo-spelar, Asgeir Nogva, forklarer
det slik: ” Vi er litt for dårlege både i forsvar og angrep. Vi
slepp inn lette baklengsmål, og greier ikkje å skåre på eigne
tilbod.”
Nogva si oppsummering
forklarer også tabellsituasjonen til HaNo. Laget ligg i botnen og
kjempar med Stordal om å unngå sisteplassen. Med opprykk for
vinnaren i 3. divisjon, kan det bli berre eit lag ned i femte.
Norborg er trygt plassert
over midten av tabellen. ”Vi er godt nøgde med tre poeng i dag. Det
var tungt,” forklarer målskårar Kristian Søviknes. Og det var ei
tabbe i HaNo-forsvaret som gav Søviknes sjansen. Målvakt Bergheim
stolte på forsvaret, og forsvaret trudde målvakta tok legget frå
venstre. ”Takk,” sa Søviknes og knalla ballen i nettaket.
På ei regnvåt og glatt bane
skapte laga få sjansar. Mykje av spelet gjekk føre seg på midtbana.
Medan gjestane hadde
kontroll før pause, kom HaNo meir med i andre omgong. Det var ikkje
ufortent då Lars Petter Haram utlikna med ei lekker skåring. Eit
presist legg frå Asgeir Nogva susa i nota på heil volley.
Men så kom kalddusjen.
Medan HaNo pressa på for å skaffe seg leiinga, fekk gjestane til ei
perfekt kontring. Lang ball ut til Kristoffer Søviknes på
høgrekanten, og presist inn til Håpet som lettar ballen roleg i
nettet. HaNo prøvde å skape sjansar til utlikning. Nærast kom Lars
Petter Haram i sluttsekunda, men skotet gjekk til side for mål. Alt
i alt fortent siger til gjestane.
Grei dømming av Tor
Bjermeland, Herd
|
4. divisjon:
HaNo – Norborg: 1 – 2 (0 – 1)
Nordøy gras
Mål:
0 – 1 Kristian Søviknes ( 8 min)
1 – 1 Lars Petter Haram ( 70 min)
1 – 2 Adrian Håbet ( 77 min )
Dommar :
Tor Bjermeland, Herd
Gult kort :
Ove Otterlei, HaNo
Stjerner HaNo:
*** Asgeir Nogva
** Lars Petter Haram
* Audun Steen
Stjerner Norborg:
*** Roger Grytten
** Kristian Søviknes
* Tarjei Urkedal
Laget til HaNo:
Øystein Bergheim
Alf Kåre Longva
Michael Austnes
Richard Hansen
Thor Audun Steen
Odd Einar Molnes
Even Vestavik
Lars Petter Haram
Asgeir Nogva
Ove Otterlei
Stig Frode Longva.
Innhopp:
Kenneth Ulla
Jonas Longva
Vegard Halkjelsvik
|