|
Tredje siger for HaNo
”Dette var kjekt! Vi var tolmodige i forhold til kampopplegget vi var
einige om. Vi våga å halde på ballen. Etter kvart fekk vi meir rom, og
då kom sjansane og måla.” Kaptein og ”Dagens HaNo-spelar”, Lars Petter
”LP” Haram, var godt nøgd etter kampen. Og kaptein Haram hadde all grunn
til å vere nøgd. HaNo spelte godt, særleg i andre omgong. Då var det
berre eit spørsmål om kor stor sigeren skulle bli. |
Av: Gunnar Standal
HaNo hadde godt tak på kampen frå start. Jan Egil Ulla var frampå
med gode skot, sameleis Stig Frode Longva. Men det var Lars Petter
Haram som skaffa heimeleiing. Eit presist frispark frå Odd Einar
Molnes styrte Haram i mål med hovudet. Gjestane hadde eit tilbod då
Kjell D. Tangen fekk skyte hardt frå tjue meter, men tverrstonga
hindra skåring.
Ørskog flytta Nils Petter Dyrkorn frå stoppar til spiss etter pause.
Dyrkorn markerte seg i opningsminuttet ved å nikke eit langt innkast
i stonga og ut. Nærare kom ikkje gjestane. HaNo tok over, brukte
banebreidda og skapte sjanse på sjanse. Asgeir Nogva spelte godt på
venstrekanten, og Odd Einar Molnes heldt breidda på høgre. I midten
jobba både Jan Egil Ulla og Stig Frode Longva godt for å skape rom.
Mål nummer to kom etter fint spel. Asgeir serverte ballen til Stig
Frode som skaut hardt og lavt får sytten meter. Målvakt Audun
Sjøholt måtte gi retur, ein retur ”LP” vakent sette i nota. Nummer
tre kom etter nok eit innlegg frå Asgeir på venstrekanten. Denne
gongen knalla Stig Frode ballen direkte i nota på heil volley.
Flott!! Og berre to minutt seinare avgjorde Stig Frode kampen ved å
stupe ein ball i mål etter hjørnespark. LP fastsette sluttresultatet
til 5 – 0 ved å skyte eit presist legg frå Stian Andre Haram i
nettaket.
Even Myrheim, Herd dømde konsekvent og godt.
For første gong i år fekk HaNo spelet til å flyte. Dermed kom
sjansane. Jan Egil Ulla og Stig Frode Longva jobba godt for å skape
rom. Dei fekk god hjelp av gode Asgeir Nogva på venstrekanten og Odd
Einar Molnes på høgresida som serverte eine presise innlegget etter
det andre. LP kom i djupe løp frå midtbana og kom til avslutningar
som resulterte i tre mål. Berre synd at Stordal-siger mot topplaget
Godøy gjer at HaNo framleis ligg sist på tabellen. Dermed må laget
vinne oppgjeret mot nettopp Godøy neste laurdag på Nordøy stadion.
|
4. divisjon:
HaNo – Ørskog: 5 - 0 (1– 0)
Nordøy gras
Mål: 1 – 0 Lars Petter Haram ( 35 min)
2 – 0 Lars Petter Haram ( 53 min)
3 – 0 Stig Frode Longva ( 60 min )
4 – 0 Stig Frode Longva ( 62 min )
0 – 5 Lars Petter Haram ( 88 min)
Dommar : Even Myrheim, Herd
Gult kort : Kristoffer Sjøholt og Kurt Søvik, Ørskog
Stjerner HaNo:
*** Lars Petter Haram
** Asgeir Nogva
* Kenneth Ulla
HaNo (4-4-2):
1. Henrik Åkre
2. Alf Kåre Longva
3. Kenneth Ulla
4. Michael Austnes
5. Richard Hansen
6. Odd Einar Molnes
7. Even Vestavik
8. Lars Petter Haram
(kaptein)
9. Asgeir Nogva
10. Jan Egil Ulla
11. Stig Frode Longva.
Innhopp: Thor Audun Steen, Cato Longva og Stian Andre Haram
|

Dommartrioen og kapteinane
|

Kaspara har vore på Aafk-kamp og lært at under innmarsjen skal du
stå og klappe:)
|

Richard med full kontroll
|

Michael ryddar opp i eige felt
|

Even Vestavik spelte ein ny god kamp på HaNo si midtbane
|

LP i duell
|

Odd Einar med frispark. Skotet gjekk noko over
|

Odd Einar i fint driv på høgrekanten
|

Ein av mange store HaNo - sjansar i 2. omgang.
|
.jpg)
Stian Andre var henta heim frå militæret for å ta seg av sigersropet:)
|

Ein nøgd 3 - målsskåra etter kampen
|

Lars Petter sett inn 5-0 etter eit flott HaNo -angrep.
|

Stig Frode er klar til å stupe inn 4-0 - målet. |