Tekst og foto. Gunnar Standal
Men LP og stoppar Michael Austnes hadde vore gode å ha laurdag.
Kampen vart prega av topp mot botn. Stranda var klart beste laget
kampen gjennom og vann fullt fortent.
Kun dei fem første minutta av kampen var HaNo med. Då skapte
heimelaget to sjansar framfor solide Thomas Hove i gjestemålet.
Første redda Hove eit skot frå Odd Einar Molnes, så kom Asgeir Nogva
akkurat for seint til å sette eit innlegg i nota. Deretter var det
berre Stranda. Lage skaffa seg eit solid overtak på midtbana og
spelte seg fram til tilbod etter tilbod.
I første omgong greidde HaNo å halde målet reint – nesten. I siste
minutt fekk Martin Espelund hjelp frå vinden då eit innlegg frå
venstre dala i mål bak Henrik Åkre.
Eit fåtallig publikum håpte på at HaNo skulle kome sterkare etter
pausen med vinden i ryggen. Slik vart et ikkje. Stranda dominerte og
var eit klart betre lag. Etter kvart som HaNo gjekk tom for krefter,
rann baklengsmåla inn. Nummer to kom på eit hard skot under Henrik
Åkre, nummer tre etter direkte frispark frå atten meter. Så avslutta
tvillingbrørne Cato og Kim Vangen med effektive hjørnespark. Presist
inn frå Cato til Kim på bakarste stolpe og pang i nota. Dermed er
HaNo framleis i nedrykksposisjon – Stranda heng med i kampen om
opprykk.
God og konsekvent dømming av unge Matias Kringstad, Valder. Godt at
det finst ungdom som satsar på dømminga.
Så få sjansar har HaNo ikkje skapt på heimebane før. Midtbana makta
ikkje å vere med i angrep slik at Ove Otterlei og Stig Frode Longva
fekk ei håplaus oppgåve åleine mot eit godt gjesteforsvar. Skal ein
ta poeng mot topplag må spelarane vise større vilje til å gå i
duellar og gå på løp. Laurdag såg vi for lite vilje. Men det er
berre å brette opp armane til dei neste tre kampane, to av dei
heime. Framleis er det ni poeng å kjempe om.
|
4. divisjon:
HaNo – Stranda: 1 – 2 (0 – 1)
Rogne gras
Mål: 0 – 1 Martin Espelund ( 44 min)
0 – 2 Cato Vangen ( 67 min)
0 – 3 Martin Espelund ( 75 min )
0 – 4 Kim Vangen ( 86 min )
0 – 5 Kim Vangen ( 90 min)
Dommar : Matias Kringstad, Valder
Gult kort : Ove Otterlei, HaNo
Laget :
1. Henrik Åkre
2. Audun Steen
3. Richard Hansen
4. Kenneth Ulla
5. Alf Kåre Longva
6. Odd Einar Molnes
7. Jan Egil Ulla
8. Even Vestavik
9. Asgeir Nogva
10. Ove Otterlei
11. Stig Frode longva
Innhopp: Cato Longva, Preben lorgen og Halkjelsvik
Stjerner HaNo:
*** Alf Kåre Longva
** Kenneth Ulla
* Audun Steen
|