Uavgjort i viktig botnoppgjer

HaNo hadde sjansar nok til å ta med seg alle poenga heime frå botnoppgjeret mot Sunnylven. Men oppgjeret enda 3-3, og HaNo er dermed framleis 7 poeng bak sikker ståplass i det 7 serierunder står att.


Av: Kenneth

Under trassige speleforhold med regn og vind på Hellesylt, skulle HaNo prøve å knappe inn p avstanden fram til Sunnylven på tabellen. Men det var heimelaget som utnytta eit passivt HaNo – forsvar etter 2 minutt. Jan Ove Aslaksen sette ballen i mål frå 18 meter. Etter 9 minutt kom utlikninga. Kenneth Ulla var sist på ballen etter hjørnespark. 1. omgang vart aldri velspelt. Begge lag var upresise og stressa med ballen. Og det var langt mellom dei store sjansane. Vel midtvegs sendte Stig Frode Longva HaNo i leiinga då han vart spelt fri på 16 meter. Kampen bølga fram og tilbake, men heimelaget skåra to mål på to minutt like før pause. Først var det Olav Åge Åsen som vart spelt åleine med keeper. Og minuttet etter sette Jan Ove Aslaksen inn sitt 2. mål på eit nytt skot frå 16 meter.

HaNo – dominans
Etter pause var det betre aggresivitet i HaNo sitt defensive spel, og det var meir ro og plan over det offensive spelet. Kenneth Ulla heada inn 3-3 etter flott forarbeid av Asgeir Nogva. Og HaNo fortsette å skape sjansar. Ove Otterlei fekk ikkje stokka beina då han vart heilt fri på bakerste stolpe. Stig Frode Longva skaut utanfor frå 5 meter etter innlegg frå Odd Einar Molnes. Sunnylven redda ei HaNo – heading på streken med handa, men dommar Bratteberg såg ikkje at det var straffe. Jan Egil Ulla og Odd Einar Molnes hadde skot som strauk tverrliggaren. Men ballen ville ikkje i mål. Dei største sjansane kom siste minutta. Først var det Stig Frode Longva som mislukkast då han kom åleine med keeper. Så var det Arne Storstein som fekk ei lang tå på eit skot frå Kenneth Ulla, før same Storstein avslutta kampen med å redde ein godt slått corner frå Odd Einar Molnes på streken.
Dermed eitt poeng til kvart lag, noko HaNo ikkje var fornøgd med etter å ha dominert 2. omgang. Med sju runder igjen, ligg HaNo nest sist på tabellen. 7 poeng er det opp til Sunnylven på sikker plass. Neste oppgåve er Norborg heime under HaNo-dagane neste helg.
 

4. divisjon
Sunnylven – HaNo 3-3 (3-2)
1-0 Jan Ove Aslaksen (2)
1-1 Kenneth Ulla (9)
1-2 Stig Frode Longva (25)
2-2 Olav Åge Åsen (43)
3-2 Jan Ove Aslaksen (44)
3-3 Kenneth Ulla (57)
Dommar: Jan Erik Bratteberg, Ørsta



HaNo (4-4-2):

Øystein Bergheim

Preben Lorgen
Michael Austnes
Richard Hansen
Audun Steen

Odd Einar Molnes (k)
Jan Egil Ulla
Kenneth Ulla
Asgeir Nogva

Stig Frode Longva
Ove Otterlei

Nytta innbyttarar:
Vegard Halkjelsvik
Cato Longva














 

                www.prikk.com