Av: KennethDet vart ei grei gjennomkøyring då Ravn og HaNo
møtte kvarandre på Ravn stadion laurdag. Begge lag mangla ein del
spelarar. HaNo hadde berre 12 mann disponible til kampen. Men alle 12
gjorde ein solid innsats, og kunne reise heim med 6-3 - siger i
bagasjen. Ravn var det mest effektive laget i første omgang.
Laget tok leiinga 2 -0 etter 2 dødballar som gjekk via ein HaNo -
spelar og i mål. Kenneth Ulla heada inn eit innlegg frå Odd Einar
Molnes før Ravn sette eit frispark direkte i mål til pauseresultat
3-1. 1. omgang var spelemessig jamn. Etter pause dominerte HaNo
kampen. Kenneth Ulla sette inn 3-2 på straffe, og 3-3 etter nytt
innlegg frå Odd Einar "Veigar Pall" Molnes. Odd Einar hadde
4 målgivande, samt innlegget som førte til straffesparket i denne
kampen. Ove Otterlei skåra ekte hat-trick siste halvtimen. Dei to
første servert av Odd Einar, det siste av Stig-Erik. I
tillegg hadde HaNo store sjansar til å skåre fleire mål. Både
stolpeskot, headingar over frå 1 meter og situasjonar åleine med
keeper. Ei fin økt for dei 12 som var med. Ekstra pluss til
debutant Bjørnar Flem som imponerte på venstrebacken i dei 60
minutta han spelte. Torsdag startar haustsesongen med bortekamp mot
Rollon. |
Ravn
- HaNo
3-6 (3-1) Ravn stadion 1-0
2-0
2-1 Kenneth Ulla
3-1
3-2 Kenneth Ulla (straffe)
3-3 Kenneth Ulla
3-4 Ove Otterlei
3-5 Ove Otterlei
3-6 Ove Otterlei
Dommar: Oddbjørn
Hatlehol, Brattvåg
HaNo (4-4-2):
Henrik Åkre
Preben Lorgen Michael Austnes
Audun Steen
Demir Haram
Odd Einar Molnes (k)
Cato Longva
Stig-Erik Nogva
Vegard Halkjelsvik
Ove Otterlei Kenneth Ulla
Nytta innbyttarar:
Bjørnar
Flem (debutant)
|