Sterk HaNo – siger
4. divisjon menn
HaNo – Ørsta 3-2 (3-1)
Nordøy stadion
79 tilskodarar
1-0 Kenneth Ulla (15)
2-0 Lars Petter Haram (str 18)
3-0 Stig Frode Longva (23)
3-1 Hallgeir Aam (34)
3-2 Hallgeir Aam (str 46)
Dommar: Øystein Ytterland, Valder
Dagens HaNo – spelar: Michael Austnes
Spelar poeng:
3 poeng: Michael Austnes
2 poeng: Kenneth Ulla
1 poeng: Alf Kåre Longva
HaNo leverte ein feiande frisk første halvtime. Laget leia 3-0 etter berre 23 minutt, og Ørsta greidde aldri å snu kampen. Dermed ein sterk, og for mange ein overraskande heimesiger.
Kenneth Ulla
Ørsta rykte ned frå 3. divisjon sist sesong, og er av mange rekna som ein av kandidatane til opprykk frå 4. divisjon i år. Men på Nordøy stadion torsdag var det heimelaget som dominerte i første omgang. HaNo vann dei fleste duellane, og fekk spelet til å gli offensivt. Kenneth Ulla ga heimelaget leiinga på heading etter hjørnespark. Få minutt seinare vart Stig Frode Longva lagt ned i feltet, og Lars Petter Haram var sikker frå 11-meteren. Og ikkje nok med det. På sin neste sjanse var det Stig Frode Longva som kriga inn 3-0. HaNo var effektive, men samstundes det klart beste laget den første halvtimen. Ørsta sin første sjanse var det Terje Rebbestad som fekk, men Øystein Bergheim i HaNo sitt mål vann duellen. I staden var det Hallgeir Aam som reduserte på eit velplassert skot frå 18 meter.
Forsvarsomgang
2. omgang starta på verst tenkjeleg vis for heimelaget. LP Haram felte Espen Standal i feltet, og Hallgeir Aam sette inn straffesparket før minuttet var spelt. Dette førte til at Ørsta styrte 2. omgang, men utan å skape veldig mange sjansar. HaNo var litt baktunge, og skapte færre sjansar framover. HaNo sin største sjanse var det Lars Petter Haram som hadde på ei heading som strauk tverrliggaren. Ørsta pumpa ofte ballen inn i feltet, men HaNo hadde jamt over god kontroll, sjølv om det vart ein nervepirrande omgang for dei trufaste på tribuna. Ein god dommar Ytterland la til heile 6 minutt, men heimelaget rei stormen av.
På heimelaget var det lagmoralen som var resepten for 3 nye poeng. Særleg var 1. omgang lovande. Då var den defensive jobbinga solid, samstundes som det var plan over det offensive. Etter pause vart det i større grad ein forsvarskamp, der moral og god jobbing sørga for 3 poeng.