|
|
HaNo-fest 2007
For første gong var HaNo si årsavslutning felles for alle. Alle som er
interesserte i HaNo var inviterte til sesongavslutning. På Haramsøy
samfunshus vart det delt ut heider og takk til både spelarar og
tillitsvalde.
Av: Kenneth
Tidlegare år har yngres hatt si sesongavslutning, og senior har hatt si. Men
i år vart det lagt opp til felles avslutning for alle. Først var alle
yngreslaga framme og fekk sine velfortente diplomar og pokalar av Bjørn
Peder Austnes i yngresutvalet. Deretter var det trenarar og oppmenn som fekk
takk for innsatsen. Seniorane fekk pokalar for rundt antal kampar, og
trenarane fekk ei takk for sesongen frå spelarane.
Underhaldning og heider
Etter ei pause, vart det klart for underhaldning. Elias Rogne lot oss få
møte HaNo – Harry i sitt kåseri. HaNo – Harry som er best i medgang. Så
imponerte Kato Flem med rask fingerflytting på klaveret.
Tone Austnes fekk pokalen for beste damespelar, og Lars Petter Haram vart
årets herrespelar 2007. Det er publikum som stemmer fram vinnarane i klassa
årets spelar. Nytt av året var det at årets supportar vart kåra. Her er det
dame – og herrespelarane som har stemt fram den dei meinar har vore den mest
trufaste supportaren denne sesongen. Vinnar vart Kaspara Ulla (89) som har
fast plass på Nordøy stadion. Peter Nyhus Aksnes (17) vart at styret kåra
til årets medlem for sin innsats som trenar, speaker og ein positiv
medhjelpar i sesongen som har gått.
Til slutt kunne leiar i HaNo, Lars Ulla, røpe at det klubben har planar. Det
skal tilsetjast ein trenarkoordinator, det skal utviklast ny handlingsplan
og klubben har starta arbeidet med ein kunstgrashall/kunstgrasbane. Han
oppmoda folk om å ta på seg verv. – Det er betre om 100 stykker bruker ein
time, enn om ein person skal bruke 100 timar, avslutta Ulla.

Rolf Longva vert takka for innsatsen av Bjørn Peder Austnes i
yngesavdelinga. |

Lidvar Rogne får takk for innsatsen. |
|

Per Oskar Olsen får takk for innsatsen.
|

Elias S Rogne kåserte om HaNo - Harry.
|

Beate Nyhus Aksnes tek imot Årets medlem - pokalen på vegne av sonen
Peter.
|

Årets Seniorspelarar vart Tone Austnes og Lars Petter Haram.
|

Kaspara Ulla vart kåra til årets supportar av seniorspelarane.
|

Mini 7 får diplom og pokal av trenar Andreas Aakre |
| |
| |
| |
|