Fekk sin revansje

3. divisjon, kvinner:

Volda - HaNo 5-0 (1-0)
Mål: 1-0 Camilla Aure (35) 2-0 Kristin Aske Osnes (47) 3-0 Camilla Aure (48) Camilla Aure (53) 4-0 Mari Aarflot (80)
Dommar: Murati Zenun, Giske

Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Vibeke Flem
2 poeng: Julie Longva
1 poeng: May Britt Longva

Berre ei veke etter 1-0 sigeren måtte HaNo bite i kunstgraset mot same motstandar. Volda vann heile 5-0 i ein kamp som blei punktert med tre Volda-skåringar i løpet av andre omgang sine sju første minutt.

Av Odd Einar Molnes

Årsaka til det kjappe ”returoppgjeret” er at klubbane valde å flytte haustkampen til april. HaNo visste at ambisiøse Volda ikkje var nøgd med innsatsen sin på Nordøy stadion forrige helg. Men starten av kampen var open med sjansar for begge lag. Sybell Rogne redda eit Volda-forsøk etter få minutt, og Tone Austnes var bergande sikringsspelar i siste liten rett etter.

Tverrliggar
HaNo rei av, og var så aggressive som ein ønska etter dette. Korleis kamputvikling og resultat hadde blitt om skotet til Sunniva Tomren hadde gått tverrliggar og inn i staden for tverrliggar og strek blir berre spekulasjonar. Men faktum var at første halvtime var jamn, og det var synd at Camilla Aure tok Volda i leiinga ti minutt før pause etter innlegg frå høgre. Omgangen blei blåst av tre minutt på overtid, der slutten var mest prega av at dommar Murati var i dialog med ein pratesalig Volda-benk som brukte mykje energi på dømminga.  

Starten av andre avgjerande
HaNo-damene hadde i garderoben trua på å snu oppgjeret, men ein særs ulykksalig start avgjorde heile fotballkampen. 2-0 kom medan publikum framleis stod i vaflekø, og 3-0 og 4-0 kom ved Aure som blei tremålsskårar. Her hang ikkje HaNo med, og heimelaget varierte med å kome rundt på begge kantane og i midten. No gjekk lufta ut av dei blå, og det blei tungt å motivere seg for kollektiv jobbing ut kampen. Ti minutt før full tid skåra Volda sitt siste midt i ein god HaNo-periode, der både May Britt Longva og Vibeke Flem hadde fine mulegheiter til redusering etter presise Sunniva Tomren-dødballar.

Ramme rundt kampen
Heimelaget var både glad og letta over sine tre første seriepoeng, og dei viste at åtvaringane før sesongen stemte: Dei har ein stor spelarstall, har satsa hardt i vinter og vil gjerne opp att til 2. divisjon. Veldig kjekt var det for HaNo å spele ein bortekamp med god ramme rundt ein kamp i 3. divisjon kvinner. Speaker, innmarsj, kiosk og mykje folk er dessverre ikkje kvardags, og her har andre lag mykje å lære! For HaNo sin del mangla tre spelarar, som er heilt normalt i fotballen, og har ein langt tynnare stall enn Volda. Det hjalp heller ikkje at tre av dei mest rutinerte måtte ut med skadar utover i omgangen. Voneleg er dei klare til neste kamp, som er nok eit tøft borteoppgjer: Fjorårsvinnar Fortuna2/Guard på Aksla stadion 5. mai.