Austnes utlikna seint
Michael Austnes skårar ikkje veldig ofte for HaNo, men mot Vigra gjorde midtstopparen det viktige 3-3 målet på overtid som gav HaNo eit verdifullt poeng. 1. omgang var svak av HaNo, medan den andre omgangen var langt betre.
Austnes utlikna seint

4. divisjon:
Vigra-HaNo 3-3 (3-2)

Mål:
1-0 Anders Godø Molnes (13)
1-1 Stig Frode Longva (17)
2-1 Tommy Roald (21)
3-1 Anders Godø Molnes (27)
3-2 Stig Frode Longva (41)
3-3 Michael Austnes (90)
Dommar: Øystein Ytterland, Valder.

Juryens dom:
3 poeng: Alf Kåre Longva
2 poeng: Stig Frode Longva
1 poeng: Preben Lorgen

Michael Austnes skårar ikkje veldig ofte for HaNo, men mot Vigra gjorde midtstopparen det viktige 3-3 målet på overtid som gav HaNo eit verdifullt poeng. 1. omgang var svak av HaNo, medan den andre omgangen var langt betre.

Av Odd Einar Molnes

Sterk varme og ei luggete, litt langhåra Rota stadion var det heimelaget som takla klart best dei første 25 minutta i 4. divisjonsoppgjeret mellom Vigra og HaNo. Heimespelarane var mest på hogget, og fekk også ei flott 1-0 skåring. Eit frispark blei stussa, og eit brassespark tok Vigra i leiinga. Stig Frode Longva fann tonen med spissmakker Stian Andre Haram og utlikna til 1-1 kort tid etter. Men Vigra kom tilbake, utnytta ubesluttsomt forsvarsspel, og fekk hjørnespark i det 22. speleminuttet. Den heada dei i mål. 3-1 blei det også før halvtimen var gått.

Viktig redusering
Heldigvis for HaNo gjorde Haram/Longva ei redusering heilt på tampen, slik at 1. omgang ikkje blei heilsvart. Odd Einar Molnes og Stian Andre Haram kombinerte på høgrekanten, og framfor mål imponerte Longva med å skjerme, for deretter å hælsparke ballen i nota. Longva si sjette serieskåring i år, og vitamininnsprøyting og ny tru på poeng i kampen.

Solid borte-benk!
HaNo hadde til ei forandring fem innbyttarar denne bortekampen, og alle kom inn og bidrog positivt. Dette viser ei brukbar breidde i HaNo-stallen om dagen. Vebjørn Steen var offensiv på venstreback i andre omgang, og Preben Lorgen spelte halvtimen som høgre back så godt at han plukka fortent eit spelarpoeng med juryen. Utespelar og heimvendt trønder-student Stig Erik Nogva stod i mål i andre omgang, og heldt buret reint! For i andre omgang var det HaNo som styrte oppgjeret. Ei utlikning låg i lufta. Og den kom.

Austnes med ein sjeldan putt
HaNo angreip, noko venstrevridd, i stort sett heile omgangen. Innlegga gav ikkje resultat, og dei siste 20 meterane var ikkje HaNo farlege nok. Men ein jobba på, anført av ein krigersk Alf Kåre Longva i midtbaneleddet. I jakta på poeng heiv HaNo mange i angrep mot slutten. Betalinga i form av eitt poeng kom i aller siste speleminutt. Kenneth Ulla heada, Stig Frode Longva flikka vidare og på bakerste sette Michael Austnes kontant inn den fortente utlikninga. Neste test for HaNo er heime mot Bergsøy laurdag 14. juni. .

HaNo (4-4-2):
Øystein Bergeheim- Audun Steen, Michael Austnes, Kenneth Ulla, Richard Hansen- Vegard Halkjelsvik, Lars Petter Haram, Alf Kåre Longva, Asgeir Nogva- Stian Andre Haram, Stig Frode Longva.
Nytta innb.: Vebjørn Steen, Odd Einar Molnes, Preben Lorgen, Stig Erik Nogva, Kent Inge Klokk.

6. plass
HaNo beheld 6. plassen på tabellen etter denne runden:
http://idrett.speaker.no/07/ResultatService.aspx?0=2&1=Fotball&2=Norge&3=2008%20-%202008&4=290198&5=&6=&7=&8=




08/06-08
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: