Solid siger mot Ørskog
Hano sitt herrelag slo idag Ørskog 2-0 på bortebane. Jan Egil Ulla og Even Vestavik skora et mål i kvar omgong og sørga for ein fortjent siger for HaNo.
HaNo herrelag åpna utesesongen med kamp mot Ørskog onsdag kveld. Sidan kampen mot MSIL for 2 veker sidan vart avlyst var det ein svært ivrig gjeng som tok turen til Sjøholt. Ørskog var eit av topplaga i 5 divisjon ifjor og slo HaNo klart begge oppgjera forrige sesong, men denne kvelden var det dei blåkledde frå HaNo som var det beste laget.

HaNo åpna kampen bra og virka ivrige etter å komme igong med sesongen. Midtbanetrioen Odd Einar Molnes, Preben Lorgen og Even Vestavik styrte det meste frå midten og kunne fordele ballen til to løpsvillige kantar i Jan Egil Ulla og Håkon Haram. Jan Egil får kampens første store sjanse etter 15 minutt då han dreg seg forbi eit par forsvarar, men avslutninga var denne gong for dårleg. Nevnte Ulla var igjen på farta litt seinere og slår inn til Per Jarle Fjørtoft på nesten blankt mål, men ein god Ørskogkeeper fekk avverga. Etter 30 minutt dreg nok ein gong Jan Egil seg innover i bana, driblar av eit par mann og sett ballen enkelt under keeper. Fortjent 1-0 leiing til HaNo.
Etter dette kjem Ørskog meir med i kampen og har ballen meir. HaNo dett litt i pasningskvaliteten i denne perioden, men ei god backrekke med Cato Longva og Michael Austnes i spissen har saman med keeper Kenneth stort sett god kontroll på det meste som kjem frå heimelaget. Dermed endar omgangen med 1-0.

I 2 omgang dett begge laga litt i kvalitet i starten, men fortsatt med HaNo som det førande laget. Utover omgangen rullar HaNo opp fleire gode angrep på begge sider og skaper fleire farlege sjansar. Jan Egil er svært nære å sette sitt andre for dagen då han får ballen aleine på bakerste stolpe, men får ikkje stokka beina og sett ballen utanfor. 25 min ut i omgangen får Even Vestavik stå aleine på 16 meter, og sett ballen under keeper og i mål og 2-0 til HaNo. Utanom eit par farlege frispark har Ørskog nesten ikkje skot på mål i denne omgangen. Keeper Ulla har som kjendt nokre kampar som utespelar for HaNo, og er ute å avklarar dei få gongane Ørskog kjem igjennom. Det blir ingen fleire mål og HaNo reiser heim med siger og ei god kjensle etter årets første 11`er kamp.

Det er mykje positivt og ta med seg etter denne kampen. Måten vi klarer å fylle opp med folk i Ørskog sin 16 meter i sluttminutta viser at det er mykje vilje og guts i laget. Trioen Molnes, Vestavik og Lorgen dominerer på midten og har til ei kvar tid fleire gode pasningsalternativ rundt seg. Vi klarer også til tider å ta med backane i angrep som sørger for at vi får fleire strengar å spele på offensivt. Vi har likevel litt å gå på i pasningskvalitet og valg med ballen, i tillegg spelar vi til tider med litt høg risiko både i forsvar og ellers, men til å vere første kamp for året var dette ei godkjendt gjennomkøyring for HaNo. No ventar Vigra i Uggedalen på søndag. Vi gler oss til fortsettelsen!

07/03-12
Av: Lars Åkre







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: