|
Uavgjort mot Vigra
|
Hano sitt herrelag spelte kamp mot Vigra i Uggedalen sÞndag. Etter Ä ha leia 2-0 kom Vigra tilbake med 2 skoringar i 2 omgong. Ei god gjennomkÞyring for Hano mot eit Vigra som nok vil kjempe i toppen av Ärets 6 divisjon. Meir kjem.
|
HaNo-Vigra 2-2
MÄl: Even Vestavik (30 min), Preben Lorgen (65 min)
HaNo:
Henrik Ă
kre
Robin Haram
Michael Austnes
Per Kristian Klokk
Demir Haram
Preben Lorgen
Even Vestavik
Cato Longva
Lars Ă
kre
HÄkon Haram
Jan Egil Ulla
Det enda 2-2 i vindkasta i Uggedalen mellom HaNo og Vigra pÄ sÞndag. HaNo var klart best fÞr pause medan Vigra var meir med i 2 omgong. Even Vestavik sÞrga for 1-0 etter ein halv time etter fint forarbeid av Jan Egil Ulla. HaNo hadde fleire gode sjansar bÄde fÞr og etter pause, men var ikkje kvasse nok framfor Vigra sitt mÄl. Etter pause la Preben pÄ til 2-0 med eit vakkert langskot, nok engong etter forarbeid av Jan Egil Ulla. Midtvegs i omgangen redusere Vigra pÄ eit frispark som gÄr gjennom heile feltet og i mÄl og 10 min seinere kjem utlikninga pÄ eit skot frÄ 16 meter. Dermed endar kampen 2-2 mellom 2 lag som truleg vil kjempe i toppen av 6 divisjon avd 2 denne sesongen.
For HaNo sin del var dette avslutninga pÄ ei god treningsveke med kamp onsdag og sÞndag og ei bra trening fredag med 18 mann pÄ plass i hallen. No skal vi trene godt et par veke fÞr vi mÞter EllingsÞy 26 mars pÄ Nes Stadion.
|