Kjekk HaNo - cup
Mellom 70 og 80 jenter i klassene J8 og J10 møttest til tunering og Energikamp i Nordøyhallen laurdag. Innsatsen var på topp, og tilbakemeldingane gode.
Tidlegare år har ikkje HaNo hatt sjansen til å starte treningane for dei yngste laga før rundt påsketider. Med Nordøyhallen på plass, har treningane gått for fullt sidan januar. Difor var det kjekt å kunne invitere andre til turnering allereie i mars.
Skodje, Herd og Harøy tok turen for å spele fotball mot våre 4 lag i klassene J8 og J10. Mellom kampane, vart det laga til Energikamp, der laga fekk samarbeide om å få best mogeleg resultat i 5 ulike øvingar.

4 timar med intens aktivitet gjekk fort. Dei gjestande laga skrytte av både hall og opplegg. Kanskje er dette noko vi kan prøve å få til også neste år?
Stor takk til foreldre og andre hjelparar som stilte i kiosk, på energikamp og som dommarar. Bra jobba!

Vi gløymte som vnaleg å ta bilder. Om nokon har nokre på lur, send dei gjerne til kenneth.ulla@haram.kommune.no

Her er nokre få frå Energikampen til J10:

25/03-12
Av: Kenneth Ulla



















5 siste nyheter fra J8:
Trippelturnering i Nordøyhallen!
Kjekk HaNo - cup
HaNo - cup på laurdag
J8 på Brattvågtur
Flott innsats av J8!


Hovudsponsorer: