4-1 siger over Aspøy
HaNo herrelag slo ikveld Aspøy 4-1 på heimebane. Even Vestavik, Michael Austnes og Cato Longva (2) skora måla til heimelaget.
Fortjent siger mot Aspøy

Mål:
0-1
1-1: Even Vestavik
2-1: Michael Austnes
3-1: Cato Longva
4-1: Cato Longva

Juryens dom:
3p: Even Vestavik
2p: Cato Longva
1p: Jan Egil Ulla

HaNo tok årets første 3 poeng då dei slo Aspøy 4-1 på Nordøy Stadion mandag kveld. Etter ei skuffande første omgang tok heimelaget fullstendig over banespelet i andre omgang og burde kanskje fått enda fleire ballar bak gjestane sin gode keeper.

Etter ein god start på kampen frå heimelaget var det Aspøy som satte den første skoringa. Ein Aspøy-spelar får etter mykje rot i HaNo sitt forsvar stå aleine på 5 meter og sett enkelt inn 0-1. HaNo slit denne perioda med både pasningsspel og duellspelspel. Mykje vanskelege valg med ball fører til unødvendige balltap. Men heldigvis har laget spelerar som kan gjere ting på eiga hand. Kaptein Even Vestavik sørger for utlikninga da han tar med seg ballen frå midtbana og avsluttar frå 16 meter. Ballen går via ein forsvarar og over keeper og dermed 1-1 etter halvspelt 1 omgang. Resten av omgangen har HaNo ballen mykje men slit med å skape det heilt store mot eit robust Aspøy-forsvar. Dermed går laga til pause med eit mål kvar i protokollen.

I 2 omgang stemmer det bedre for heimelaget. Ballen går meir langs bakken og laget rullar opp fleire angrep på kantane. Jan Egil Ulla er svært nære då han kjem aleine med keeper etter 55 min, men Aspøy sin keeper reddar meisterleg. Men med eit massivt press og eit etterkvart utslitt Aspøy måtte måla komme for HaNo. 2-1 kjem på ein corner som Michael Austnes får krangla over streken. 3-1 kjem etter eit fint raid av Alexander Ulla som får slått inn til Cato Longva. Men dagens høgdepunkt får vi etter ca ein halvtime av omgangen. Heimelaget får frispark på omlag 20 meter og Cato Longva sett ballen vakkert i vinkelen. Ein kandidat til årets mål er eit faktum allereie i 2 serierunde.

Dermed vinn heimelaget til slutt komfortabelt 4-1 og igjen er det ein god 2 omgang som fører til poeng. Positivt at laget klarer å heve seg utover kampen, når HaNo også byrjar å spele gode 1 omgongar kan dette bli rett så bra.
Even Vestavik er igjen god på sentral midtbane og dagens HaNo-spelar. Ellers er Cato Longva og Jan Egil ein stadig trussel offensivt og som mot Ravn kjem Alexander Ulla inn frå benken gjer ein strålande innsats på topp. I alt 17 mann får prøve seg denne kampen og vitnar om stor bredde og konkurranse om plassane denne sesongen. No ventar lokaloppgjer mot serieleiar Harøy på bortebane 7 mai for HaNo.

23/04-12
Av: Lars Åkre







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: