Harøy tronar øvst etter siger over HaNo
Harøy fekk både det første og det siste målet på Harøy stadion måndag. Då hjalp det lite at HaNo hadde eit lite spelemessig overtak i kampen. HaNo står med 4 poeng etter tre kampar, Harøy har 12 på fire.
6. div, 7.05.12, Harøy stadion:
Harøy-HaNo 2-1 (1-0)
Mål:
1-0 Stian Harnes (9)
1-1 Cato Longva (66)
2-1 Rolf Borgan (80)
Dommar: Bjarte Steinsbu, Brattvåg IL.
Spelarpoeng HaNo (gitt av Ivar denne gongen):
3 poeng Even Vestavik
2 poeng Michael Austnes
1 poeng Preben Lorgen

Dette var kampen der HaNo burde tatt minst eitt poeng, men Harøy held fram med sin poengfangst. Stian Harnes fekk frispark på hjørnet av sekstenmeteren etter ni minutt, og han curla ballen fint i lengste hjørnet. HaNo fekk nokre brukbare sjansar utover i omgangen ved Jan Egil Ulla, og eit par farlege dødballar, men HIL gjekk til pause med 1-0 leiing.

2. omgang held fram med at det er mykje som skjer mellom sekstenmeterane i ein slags stillingskrig. HaNo tek likevel over det meste av banespelet. Cato Longva var mannen som fekk ballen i mål for HaNo etter ei Jan Egil-avslutning midtvegs i omgangen. Kampbiletet var at HaNo hadde ballen mest, medan Harøy var giftige på kontringar. Harøy har eit kompakt og bra forsvar som er vanskeleg å få hol på, og ti minutt før slutt fekk Harøy frispark skrått på HaNo sin halvdel. Harnes slår inn, og spelande trenar og innbyttar Rolf Borgan får ballen i mål etter ein retursituasjon.

Harøy har giftige og matchvinnande typar i laget. No har dei kamppause, medan Giske gjestar Nordøy stadion måndag om ei veke. Erik Åkre joinar HaNo-troppa frå i dag av og blir med i kampane framover. HaNo treng også muligens meir løpskapasitet, vilje og guts i laget til å avgjere desse jamne kampane.

HaNo: Henrik Åkre- Robin V Haram, Per Kristian Klokk, Michael Austnes, Olve Steen- Odd Einar Molnes, Preben Lorgen, Even Vestavik, Cato Longva- Jan Egil Ulla, Stig frode Longva. Nytta innbyttarar: Demir Haram, Per Jarle Fjørtoft.

08/05-12
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: