HaNo-damene sesongstarta heime
HaNo-Herd 4-6. HaNo sitt damelag hang godt med mot Herd, men bortelaget vann sesongopninga på Nordøy stadion tysdag kveld. Trenar Hallgeir Remme har likevel tru på ein god sesong.
7-ar damer, 8.05.12,Nordøy stadion:
HaNo-Herd 4-6 (2-3)

Mål HaNo:
Cecilie Olsen og Cecilie Kalvøy 3.
Dommar: Christian Rønning, HaNo Fk.
Dagens HaNo-spelar: Cecilie Kalvøy.

HaNo stiller lag åleine i år etter to års samarbeid med Lepsøy IL. Men det er for første gong på mange år ikkje nok spelarar til å vere med i 11-arserien. 7-arkampen mot Herd var sesongopning for Hallgeir Remme sine disiplar. Kampen var jamn, men byjentene skåra to mål meir enn HaNo.

Ceciliane i skåringsform
Cecilie Olsen sørgja for ein god start på kampen med eit velplassert skot i hjørnet etter pasning frå midtbanemotor Lise T. Fjørtoft. Herd kom tilbake midtvegs i omgangen etter sjølvmål, og 1-2 kom etter angrep på Herd si venstreside. Cecilie Kalvøy utlikna til 2-2, før Herd gjekk til pause med 2-3.

- Mykje bra offensivt
- Vi slepp inn slurvemål dessverre, sa trenar Remme om den dårlege starten på 2. omgang. Han måtte sjå laget sitt sleppe inn tre mål, og med 2-6 var kampen kjørt. Ei oppmuntring var det likevel mot slutten, då dagens HaNo-spelar Kalvøy skåra to mål til. Med 4-6 fekk ikkje dei lyseblå poeng i serieopninga, men trenar Remme ser positivt på sesongen:
- Vi håpar på å kome mellom dei 3-4 beste i vår, slik vi kan spele i 1. divisjon 7-ar til hausten. Men når det er sagt har eg ikkje peiling på korleis motstandarane er. Vi har som hovudmålsetting å gjere kvar spelar betre og ha det kjekt i trening og kamp, seier Remme, som tidvis var nøgd med mykje av det offensive spelet i denne kampen.

PS! Sjølv om damelaget til HaNo spelar 7-arfotball, er det framleis ei ”HaNo-ramme” rundt heimekampane, med speaker-teneste, kåring av dagens HaNo-spelar, kiosk og ein del publikummarar på plass.

HaNo stilte med desse, sjå lagbilete nedom. Bak frå venstre: Trude Haram, Lise T. Fjørtoft, Cecilie Kalvøy, Eli Rogne, Cecilie Olsen, Judith Vestavik, trenar Hallgeir Remme. Framme frå venstre: Tone Elise Austnes, Solveig Aksnes, Hanna Sylte, Beate Austnes Nogva.


08/05-12
Av: Odd Einar Molnes






Laget i sesongopninga mot Herd.


Sandra og muttern, Lise, er klar for kamp.


Meget god dommar i oppgjeret, Christian, i lag med coach Hallgeir.


Jentene i fint oppvarmingsdriv.


Styreleiarfunksjonen kan også vere å merke bane. Solveig laga beine strek :)


Dagens HaNo-spelar, Cecilie fyrer av i første omgangen.


Eli med innkast!


Judith på kanten!


Lise i drivet!


Lars U på plass i og av og til utanfor speakerbuda.


Og her er damelaget om 8 år!! J8-jentene var spenna klar for lagbileta, der dei trena ved sida av damekampen. Herlig gjeng!



5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: