Herrelaget med nytt tap
HaNo sitt herrelag dominerte so godt som heile kampen, men måtte alikavel gå av bana med 0 poeng i ein kamp prega av mykje sjansesløsing av heimelaget og ein god porsjon flaks til bortelaget.
HaNo:

Kenneth Ulla
Olve Steen
Michael Austnes
Per Kristian Klokk
Robin Haram
Even Vestavik
Preben Lorgen
Cato Longva
Lars Åkre
Erik Åkre
Jan Egil Ulla

1-0: Erik Åkre (20 min)
1-1: (35 min)
1-2: (80 min)

*** Even Vestavik
** Cato Longva
* Preben Lorgen


HaNo tapte nok ein kamp i 6 divisjon tirsdag kveld. Denne gong heime på Nordøy mot Ellingsøy og nok ein gong er det kombinasjonen udyktigheit framfor mål og at ein ikkje akkurat har marginar på si side om dagen, som gjer at laget fortsatt står med 4 poeng etter 5 kampar. For HaNo gjer mykje bra og har ballen så godt som heile tida i denne kampen men som tidligere i sesongen klarer ein ikkje å omsette sjansar til mål. Erik Åkre skåra sitt første for sesongen og sendte heimelaget i leiinga etter 20 minutt og då var det nok ikkje mange på Nordøy Stadion som trudde at bortelaget skulle snu dette. For HaNo skapte sjansar i fleng. Jan Egil Ulla, Lars Åkre, Cato Longva og Erik Åkre kom til fleire store sjansar etter gode angrep utan tellande resultat. Ellingsøy derimot skaper svært lite men er giftige på kontringar og får til slutt ei utlikning etter 35 minutt på ei kontring etter ein HaNo dødball.

2 omgang fortsett som den første. Ellingsøy ligg lavt og kompakt og HaNo trykkar på, men utan tellande resultat. Etter 80 minutt får Ellingsøy corner og på sin første store sjanse i 2 omgang og opp i 2-1. HaNo sender opp meir folk i angrep og får eit par store sjansar på slutten, men EIL drar sigeren i land og reiser heim med 3 poeng. Ein skuffa HaNo gjeng ruslar av bana og lurer litt på korleis det her var mogleg.

No står HaNo med 4 poeng i årets 6 divisjon. Dette er sjølvsagt mindre enn det vi hadde håpa på, men likevel velger vi å sjå positivt på utviklinga til laget. HaNo spelar ein krevande fotball der ballen går mykje langs bakken og det krevst mykje løping av spelerane. Sjølv om ein lenge no har venta på at det skal «løsne» skikkeleg i kamp ser vi framgong for kvar veke. Så lenge vi skapar så mange sjansar som vi gjer vil måla komme etterkvart. Neste kamp reise vi til Vatne og møter Ravn. Denne går onsdag 6 juni.

30/05-12
Av: Lars Åkre







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: