Damelaget slo Brattvåg 4-3
Brattvåg skåra først, men HaNo heldt fram det gode spelet og leia 3-1 til pause. BIL reduserte raskt, men HaNO svara til 4-2. Det vart 4-3 også, men siste halvtimen vart mållaus. Tett på slutten, men fortent heimesiger til slutt.
Damer 7-ar, Norsøy stadion:
HaNo-Brattvåg 4-3 (3-1)
Mål HaNo: Kari Longva, Judith Vestavik, Anna M Austnes og Lise T. Fjørtoft.
Dagens HaNo-spelar: Hanna Sylte
Dommar: Odd Einar Molnes

Dagens HaNo-spelar Hanna Sylte gjorde fleire viktige redningar, og bretta opp ermane i sluttminutta då Brattvåg pressa på for utlikning. Då får vi tåle hennar einaste feil etter 9 minutt då BIL tok leiinga. For det var HaNo som fekk til mest denne kvelden. Ro med ballen, brukte mykje Lise T. Fjørtoft sentralt som igjen distribuerte ballen vidare. Kari Longva kom inn etter 20 minutt, og brukte om lag 34 sekund i comebacket på å kome på skåringslista. 1-1.

2-1 var dagens flottaste: Judith Vestavik frå 15 meter, vakkert over keeper. 3-1 også før pause, då Cecilie Olsen spelte Anna M Austnes fri, som frekt skåra forbi BIL-målvakt Hjelseth.

BIL svarte kjapt etter pause. 3-2, og ny spenning. Men midtbanemotor Lise auka til 4-2 etter flott angrepsspel. BIL svara igjen etter rot i HaNo-forsvaret til 4-3 eit kvarter ut i omgangen. Men det blei ikkje fleire mål, sjølv om Brattvåg pressa på, og HaNo fekk store kontringsmulegheiter. Dommaren dømde svært godt, og let seg heller ikkje å presse av Leif Uri, som påpeikte at no var det berre eit halvt minutt igjen, so då kan du blåse av :)

30/05-12
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: