Herrelaget tapte igjen
Herrelaget gjekk på sitt tredje ettmålstap på 3 kampar i bortekampen mot Ravn onsdag, men i motsetnad til dei foregåande kampane var tapet denne gongen fortjent. Spelemessig var dette eit steg tilbake for Hanolaget som aldri kom heilt igong mot eit hardtkjempande Ravnlag.
Ravn-HaNo 4-3 (1-2)
Mål HaNo: Odd Einar Molnes, sjølvmål, Cato Longva.

Laget:
Sindre
Olve, Per Kristian, Mikal, Robin,
Even, Preben, Cato,
Jan Egil, Erik, Håkon.
Benken: Odd Einar, Per Jarle, Demir, Pedro og Alexander.
Spelerpoeng:
3 Jan Egil
2 Odd Einar
1 Cato

Ravn starta best og pressa HaNo bakover fra starten av kampen, eit stressa HaNolag sleit med presisjonen i pasningsspelet og fekk aldri igong det fine spelet fra dei siste kampane. Istaden vart det mykje pasningsfeil og Ravn fekk gong på gong kriga til seg ballen på HaNo sin banehalvdel. Men HaNo-forsvaret kriga godt den første halvtimen og Sindre var trygg i HaNomålet.

Etter halvtimen rulla HaNo opp eit vakkert angrep, Jan Egil gjer ein kjempejobb og rundar backen sin, inne framfor mål kjem Odd Einar susande og bankar ballen i mål til HaNoleiing. Leiinga held seg i knappe 5 minutt, Ravn utliknar på eit vakkert langskot etter at HaNospelerane er opptatt med å protestere på ein dommeravgjersle. Etter dette roer det seg noko men rett før pause går HaNo igjen opp i leiinga, Odd Einar er igjen involvert og bankar eit frispark inn framfor Ravnmålet, der er ein forsvarar uheldig og set ballen i eige mål. Dermed kunne HaNo gå til pause med 2-1 leiing, mot spelets gong.

2.omgang startar som første, Ravn tek kommandoen og får betalt etter få minutt da dei utliknar på eit hardt skot frå venstrekanten. HaNo slit igjen med å holde ballen i laget og Ravn krigar seg til fleire gode muligheter, Sindre reddar mykje men klarer ikkje å hindre Ravnleiing etter knappe 10 minutter av omgongen. I denne perioden virker Ravn å ha full kontroll på kampen, heilt til HaNo får corner halvvegs i omgangen, ein presis corner frå Odd Einar hamnar på bakre stolpe der Cato bankar ballen i mål. Dette vekker HaNolaget og plutseleg set bevegelsane og pasningane slik vi ønskjer. No har HaNo ballen mykje men dei store målsjansane uteblir, i staden skjer det som ofte skjer, Ravn får ein corner som blir heada kontant i mål til stor Ravn-jubel.

Dermed vart det ikkje poeng denne gongen heller for eit skuffa HaNolag, 3 ettmålstap på 3 kampar seier sitt om at vi ikkje akkurat har marginane med oss om dagen. Heldigvis er det ikkje lenge til neste kamp, allereie mandag reiser vi til bya og da SKAL vi ha med oss 3 poeng heimatt.

Skrive av Erik Åkre.

07/06-12
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: