Fortjent siger til HaNo mot Harøy
HaNo vann onsdag kveld heile 5-1 mot nabo Harøy på Nordøy Stadion. Alexander Ulla (2), Cato Longva, Preben Lorgen og Håkon Haram skåra måla for HaNo medan Stian Harnes netta for bortelaget. Ein god kamp av HaNo som endeleg fekk det til å løsne framfor mål.
HaNo-Harøy 5-1

1-0 (1 min): Håkon Haram
1-1 (3 min): Stian Harnes
2-1 (25 min): Alexander Ulla
3-1 (55 min): Alexander Ulla
4-1 (70 min): Preben Lorgen
5-1 (88 min): Cato Longva

HaNo:

Sindre Longva
Preben Lorgen
Michael Austnes
Per Kristian Klokk
Olve Steen
Odd Einar Molnes
Erik Åkre
Cato Longva
Jan Egil Ulla
Alexander Ulla
Håkon Haram

Nytta reservar: Joakim Austnes, Jonas Longva, Demir Haram, Mads Uri, Per Olav Sunde


Spelarbørs:

*** Preben Lorgen
** Alexander Ulla
* Per Kristian Klokk

HaNo hadde før denne kampen berre tatt 5 poeng i årets 6 divisjon og som Norborg.com nokså treffande oppsummerte, er nok HaNo det laget på sunnmøre som har underprestert mest denne sesongen. Men sjølv om poenga og måla har uteblitt har laget i samtlege kampar vore fullt på høgde spelemessig og til tider spelt god fotball langs bakken. På onsdag skulle det endeleg løsne for HaNo og da gjorde det ikkje noko at motstandarlaget var nabo Harøy som befinn seg på 2 plass på tabellen.
Mykje stod på spel for HaNo før denne kampen. Laget var heilt avhengig av 6 poeng i dei to siste kampane før ferien før i det heile tatt ha noko å spele før i haust. Laget gjorde eit par små forandringar fra forrige kamp og hadde som vanleg ein brei tropp tilgjengeleg. Joakim Austnes og Jonas Longva er komen heim frå studie og starta begge på benken. Erik Åkre var trukken ned i midtbaneleddet og Alexander Ulla starta på topp. Sistnemnde skulle bli heilt avgjerande for HaNo med sine 2 mål.

HaNo gjekk rett i angrep frå starten av kampen. Allereie etter 20 sekund sett Håkon Haram ballen i mål etter ei strålande opprulling langs høgrekanten der Cato slår ballen på bakerste stolpe. Med leiinga skulle ikkje vare lenge. Like etter får Stian Harnes stå aleine på 7 meter etter ein dødball og sett enkelt inn utlikninga og kampen hadde fått 2 mål allereie etter få minutt av første omgong. Etter dette tek HaNo meir over og eit solid forsvar med kaptein Per Kristian Klokk i spissen har små problemer med å stå imot det lille Harøy skapar. Framover rullar laget opp på begge kantar og framfor mål ligg ein målsugen Alexander Ulla og er ein konstant trussel. 2-1 kjem på eit klasseangret der vi rullar opp fra eige forsvar via midtbaneleddet og ut på kant der Odd Einar Molnes slår eit av svært mange gode innlegg for dagen. Inne i feltet heng Alexander Ulla høgast og headar inn 2-1 frå 5 meter. Ei vakker skoring etter eit strålande angrep! Jan Egil Ulla og Alexander er fleire gongar nære å doble leiinga men laga går til pause med 2-1 til heimelaget. Om første omgong var dominert av heimelaget skulle også den andre omgongen bli prega av eit HaNo som pressa høgt og som angrip med mange mann. HaNo fossa i angrep med Joakim Austnes, Jan Egil Ulla på kantane og i tillegg kom ein for dagen strålande opplagt Preben Lorgen bak fra backen gong etter gong. 3-1 kjem etter at Joakim Austnes kjem fri på venstre kant og slår inn til Alexander, som elegant tuppar ballen i mål med utsida av høgrefoten. Elegant og enkelt av Alex. Etter 70 min kjem dagens høgdepunkt på Nordøy Stadion. Preben Lorgen er på eit av sine mange løp frå sin høgre back. Han ser ut til å miste ballen på veg framover, men krigar den tilbake på 20 meter og dunkar ballen knallhardt i vinkelen. Eit fantastisk skudd frå Preben som stod fram som heimelagets store spelar denne kvelden. Joakim Austnes var farleg frampå ved eit par anledningar men den gamle Aafk og Vikingspeleraren var ikkje heilt venn med underlaget på Nordøy Stadion. Like før slutt sett Cato inn 5-1 etter ei kontring og heimelaget kunne endeleg juble for 3 poeng.

Morro for HaNo og kunne vise heimepublikummet kva som bor i laget. Vi som følger laget på trening veit at laget har så mykje meir inne enn kva tabellen viser. HaNo har ei enorm breidde i stallen i år og kvaliteten på trening har vore bra i heile vår. Erik Åkre har vore ein nyttig bidragsytar på trening med si erfaring og har jobba mykje med å få laget bedre organisert i ein 4-3-3 formasjon. Laget skal ha ros for å halde oppe humøret og trua på det vi held på med, sjølv om det har butta imot i vårsesongen. No ventar Giske heime på Nordøy neste torsdag og da håpe vi publikum nok ein gong vil ta turen for å støtte oss.

20/06-12
Av: Lars Åkre







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: