Strålande første dag
Supert ver, blide ungar og flinke hjelparar. Første dag av idrettsskulen var ein suksess!
Felles frokost opna dagen. Flinke vaksne på kjøkkenet sørga for at alle fekk frokost frå 08.30 til 09.00. Då var det klart for aktivitet. Dei yngste starta med handball, døball og balanse, medan 4.-7. klasse starta på grasbana. Der var Joakim Austnes, Karl Oskar Fjørtoft, Leke James og Adam Honningvåg klar med fotballøvingar. Stor takk til desse karane for strålande innsats!
Dei eldste var gjennom 8 postar i ei aktivitetsløype før lunsj. Etterpå var det fotball for dei, medan dei yngre hadde friidrett og anna variert aktivitet.

Ved lunsjtider fekk Nordøyhallen storfint besøk. For to veker sidan vart Nordøyhallen tildelt Rolls Royce sin Global Community award. Torsdag var fleire av dei verkeleg store sjefane i RR innom hallen. Dei var imponert over Nordøyhallen og av aktiviteten. Bruskassestablinga vart ivrig inspisert.

Fredag er det ny dag med nye aktivitetar. Vel møtt!

Alle foto: Hege S Ravnestad

21/06-12
Av: Kenneth Ulla






Viktig med mat


Medhjelparar med ein pust i bakken


Leke James fekk skrive autografar


Balanse


Handball


Karl Oskar instruerer


Og han viser korleis det skal gjerast

















Rolls Royce på besøk


















5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: