Også skyting på Idrettsskulen
Idrettsskulen inneheldt nye øvingar som bruskassestabling/klatring, handball og skyting denne gongen. Tusen takk til ca 30 vaksne som hjelpte til pr dag!
Det er mykje som skal til for å aktivisere nesten 110 ungar i alderen 6-16 år over to dagar. Ein skal vite at dette ikkje gjer seg sjøl! Då vil vi gjerne takke foreldre, seniorspelarar og andre for hjelpa. Utan slik god hjelp er eit slikt arrangement berre å gløyme. Takk også til Aafk som kom med 3 mann på torsdag. Og ikkje minst dei 125 billettane som vi fekk.

Ungane storkosa seg i to dagar til ende. Fleire bilete frå Dag 1 i ei anna sak her på hanofk.no. Her legg vi til nokre fleire, inkludert to bilete frå Haram og Sæberget skyttarlag si bane, der 7.-10. klassingane fekk prøve seg på fredag.

25/06-12
Av: Odd Einar Molnes






Karl Oskar øvst med Rolls Rolls-leiinga som tilskodarar.


Leke James og Adam S. Honningsvåg populære Aafk-innslag.


Joakim Austnes med 50 ungar attom seg på oppvarminga. Godt gjort å få med seg alle :)





Eine posten på aktivitetsløypa var steinstabling. Guttorm bivåner og tek tida. Samarbeid er viktig her!


Bordtennis og badminton stod også på programmet.


Konsentrert på skytinga!



5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: