Ny siger til HaNo!
HaNo sitt herrelag tok ein viktig siger mot serieleiar Langevåg2 mandag kveld. Odd Einar Molnes skåra begge måla til heimelaget. HaNo har dermed heng på tetlaga i 6 divisjon avdeling 2.
HaNo med tredje strake siger.

HaNo:
Sindre Longva
Olve Steen
Per Kristian Klokk
Michael Austnes
Lars Åkre
Preben Lorgen
Cato Longva
Alf Kåre Longva
Odd Einar Molnes
Jan Egil Ulla
Pedre Silva

Nytta innbytterar: Håkon Haram, Asgeir Nogva, Martin Løken Lie.

Stjerner HaNo:
*** Odd Einar Molnes
** Jan Egil Ulla
* Michael Austnes

Gult kort: Cato Longva


HaNo har verkeleg fått opp dampen etter ein litt skuffande vårsesong, og i mandagens oppgjer mot serieleiar Langevåg2 vann laget fullt fortjent 2-0. HaNo har no kontakt med toppen av 6 divisjon avdeling 2.

Kampen åpna med fleire gode sjansar til HaNo. Jan Egil Ulla og Odd Einar Molnes på kantane var stadig på farta og og skapte gode innlegg frå begge sider. Langevåg2 var heller ikkje ufarlege men ein for dagen strålande opplagt keeper og backrekke hadde god kontroll på det gjestane kom med.
1-0 kjem etter omlag 20 min då Odd Einar Molnes skrur lekkert eit langskot opp i vinkelen. Ei strålande skåring og HaNo leia fortjent 1-0. HaNo fortsette å halde trykket mot gjestane og skaper fleire farlege dødballar og muligheiter, og etter halvspelt omgong får Odd Einar igjen satt ballen i nota etter ein lobb frå hjørnet av 16-meteren. Dermed 2-0 til pause og god stemning på tribuna.

I 2 omgang dett kvaliteten på begge lag. HaNo ligg djupare og har stort sett god kontroll på det som kjem imot, men etterkvart legg Langevåg2 seg høgare og pressar vertane litt bakover. HaNo er likevel farlege på kontringar og skapar nokre gode sjansar på slutten av kampen. Men fleire mål blir det ikkje og HaNo tek ein fullt fortjent siger mot Langevåg2.

Ein viktig siger for HaNo som no har heng på laga i toppen av tabellen. Dei andre resultata denne kvelden gjekk også vår veg og no er vi berre 3 poeng frå 2 plassen. Det gir motivasjon for spelerane framover som endeleg får vist kva som bor i laget. Per Kristian Klokk og Michael Austnes skal ha mykje av æra for at vi held nullen i denne kampen. Dei styrer backrekka og er knallharde i duellar. Cato Longva krigar og vinn mykje duellar på midten og i tillegg har laget fleire gode offensive kvalitetar både i nevnte Ulla/Molnes, men også fleire av innbytterane. No ventar bortekamp mot Ellingsøy neste mandag.

21/08-12
Av: Lars Åkre







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: