HaNo snudde kampen og tok 3 poeng
HaNo tok nye 3 poeng mot Ellingsøy mandag kveld. Ei sein skoring av Jan Egil Ulla på overtid sørga for ein særs fortjent 3-2 siger til HaNo
HaNo:
Sindre Longva
Odd Einar Molnes
Per Kristian Klokk
Michael Austnes
Lars Åkre
Martin Løken Lie
Preben Lorgen
Alf Kåre Longva
Jan Egil Ulla
Asgeir Nogva
Pedro Silva

Innbytterar: Håkon Haram, Jonas Austnes, Per Olav Sunde, Lars Petter Haram.

Spelarpoeng:

*** Preben Lorgen
** Alf Kåre Longva
* Jan Egil Ulla

Etter å leie under med 2 mål tidleg i 2 omgong snudde HaNo kampen på bortebane mot Ellingsøy mandag kveld. Alf Kåre Longva skora 2, medan Jan Egil Ulla satt inn vinnermålet etter at klokka hadde passert 90 minutt. Stor stemning i bortegarderoba etter kampslutt og laget kryp oppover tabellen.

HaNo hadde før denne kampen 3 strake sigrar og nærmar seg topplaga i divisjonen. HaNo gjekk ut med høgt press og dei første 20 minutta fekk heimelaget knapt nok låne ballen. Laget skapte angrep etter angrep og fleire farlege dødballar framfor vertane sin keeper, men uttellinga framfor mål var ikkje god nok. I staden kom Ellingsøy meir med kampen utover omgongen men utan å skape det heilt store framfor Sindre Longva i HaNo-buret. Men etter 35 minutt fekk ein Ellingsøyspeler stå umarkert på bakre stolpe og dermed ei noko ufortjent leiing til heimelaget. HaNo hevar seg etter dette og tek på ny over det meste som skjer på Ellingsøy Stadion. Jan Egil Ulla har et par «feite» sjansar for HaNo men utan uttelling. Dermed går laga til pause med 1-0 til vertane.

2 omgong startar på verst mogleg vis for HaNo. Eit dårleg tilbakespel til keeper gjer at Ellingsøy sin spiss blir skoten ned av keeper Sindre, og ballen går i mål. Uflaks for HaNo og 2-0 leiing til vertane. Men etter dette virker Ellingsøy og vere nøgde med kampen og let HaNo få styre det meste. Og etter eit massivt press mot heimelaget skulle uttellinga endelig kome. Alf Kåre Longva styrer inn eit langskot frå Odd Einar Molnes til 2-1, før same mann sett inn 2-2 på hovudet etter ein corner frå Asgeir Nogva like etter. 2 kjappe skoringar av HaNo og laga var like longt. HaNo fortsetter å jakte på 3-2 skoringa og får både eit mål feilaktig annulert, eit par tvilsomme offsideavgjerdlse imot og ei heading i tverrliggaren mot slutten av kampen. Men HaNo gir aldri opp i denne kampen, og i det uret passerer 90 minutt får Jan Egil Ulla endeleg satt ballen i mål på eit fint skot fra skrått hald. Dermed endar kampen med 3-2 til HaNo og 3 nye poeng i bagasjen heim.

Preben Lorgen på midtbana var HaNo`s beste denne kampen. Han styrer mykje frå si djupe midtbanerolle og legg ned ein enorm innsats samen med midtbanekollega Alf Kåre Longva. Laget skal ha ros for måten dei snur kampen på og at laget aldri gir opp. Jonas Finstad Austnes kjem inn og gjer ein strålande debut på seniornivå. Jonas er ein av mange guttespelerar som har trent med seniorlaget i år og som blir spanande og følge i tida framover.

Med dette har HaNo tatt 12 poeng på 4 kampar og har stø kurs oppover på tabellen. Laget har no 3 plassen i 6 divisjon, eit poeng bak vår neste motstandar Ravn som vi møter under HaNo-dagane førstkomande søndag.

28/08-12
Av: Lars Åkre







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: