Aktiviteter i Nordøyhallen
Det blir stor aktivitet i Nordøyhallen framover. Her er ei oversikt.
Personer over 18 år kan få seg nøkkel til Nordøyhallen, og en del har nytta seg av dette. Men det er visse datoer og klokkeslett at hallen er reservert til selskap eller arrangement, og då har desverre ikkje nokon andre muligheit til å besøke hallen. Her er ei oversikt over slike arrangement:

Selskap onsdag 26. desember kl 15:00 - 18:30
Selskap laurdag 29. desember kl 14:00 - 20:00
Fotballturnering søndag 30. desember kl 08:00 - 16:00. Kom og sjå på god og spennandes fotball i NH.

Det er muligheit for folk å komme før og etter desse arrangementa, men mellom kl 09:00 og 23:00. Husk at du skal alltid rydde etter deg og skru av lysa i hallen. Varmen i hallen skal ikkje rørast.

Elles begynne vel vanlige treninger frå 2. veka i januar, og då har desse treningane 1. prioritet.

Elles blir det stor Disney korps konsert i Nordøyhallen, der Haramsøy, Flem og Tennfjord skulekorps vil bidra. Elles blir det old boys cup, treningshelger osv...

Husk orden i hallen!

Ha ei fin romjul, helsing oss i Nordøyhallen.

25/12-12
Av: Ivar Fjørtoft







5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH


Hovudsponsorer: