HaNo søkjer trenar til herrelaget!
Sportsleg utval Senior (SUS) i HaNo har sidan sesongslutt jakta på herretrenar. Mange har blitt spurt, fleire har vore interessert, men klubben har ikkje lykkast i å få endeleg napp med ein hovudtrenar. Er du interessert i å gjere ein innsats, eller kjenner du nokon som kan vere ein god kandidat?
HaNo har mange unge spelarar i troppa som er svoltne på å trene, bli betre og vise seg fram. I tillegg er der fleire etablerte spelarar som kan gjere ein utmerka innsats for laget!

Om det er ønskjeleg, har vi nokre gode kandidatar som har sagt seg villig til å hjelpe til som assistenttrenarar, så du treng ikkje å vere åleine om jobben :) HaNo gir økonomisk godtgjerdsle for jobben.

Med sportsleg og optimistisk HaNo-helsing frå SUS! Ta kontakt med
Britt Tove Vedeld Molnes, tlf 952 14 979 eller
Beate Austnes Nogva, Tlf 900 18 611

om du er interessert i å bidra!

06/01-13
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: