Poengdeling i serieopninga
HaNo sitt herrelag fekk med seg 1 poeng heim frå serieopninga borte mot MSIL2. Olve Steen sørga for 0-1 før pause, men eit sjølvmål gjorde at det enda 1-1.
HaNo sitt herrelag består denne sesongen av mange unge spelarar, blanda med nokre karar av eldre årgang. Ein del spelarar har skifta klubb frå i fjor, så det er knytt spenning til korleis resultata vil bli.

I vindkasta i Mauseidvågen, var det svært vanskeleg å spele fotball. Sterk vind på tvers av bana gjorde at det var mykje innkast i 1. omgang. HaNo mista begge sine to spissar tidleg i kampen. Sindre før kampstart, og Jan Egil ut med strekk tidleg i 1. omgang. Toto Boonsang Helland kom inn for Jan Egil, og han fekk dei to første HaNo - sjansane. Først på eit skot som keeper redda, og så på gjennomløp. Olve Steen ga HaNo - leiinga på eit kontant skot i hjørnet etter halvtimen.

Etter pause reduserte MSIL2 då det var klabb og babb i HaNo - feltet, og en HaNo - spelar sette ballen i eige mål. Resten av omgangen hadde MSIL2 eit lite overtak, men HaNo jobba godt i 90 minutt, og fekk med seg eine poenget heim.

Laget: (4-4-2)
Kenneth Ulla - Sebastian Rogne, Demir Haram, Per Kristian Klokk, Bjørnar Flem - Jonas Austnes, Robin V Haram, Olve Steen, Håkon Haram - Jan Egil Ulla, Lars Åkre
Nytta innbytarar: Toto Boonsang Helland, Marius Austnes

23/04-13
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: