Ein god damekamp på Nordøy Stadion
HaNo og Godøy sine damelag spelte begge ein god kamp på Nordøy Stadion i dag.
Allereie før halvminuttet var spelt på kom ein Godøyspelar åleine med dagens gode HaNo keeper Hanna Sylte. Hanna fekk ei hand på ballen, men Godøy spissen fekk tak i ballen, og med ope mål skaut ho stonga og ut.

To minutt seinare var det HaNo sin tur. Judith blir spelt fri sentralt på bana. Ho forserer med ballen, og spelar fri Solveig Aksnes litt skrått høgre på bana. Ho kontrolerer ballen med eit touch før ho fyrer av eit skot som treff heilt oppe i krysset, men desverre for HaNo sprett ballen ut igjen. Ikkje mål.

Solveig skal snart få sjansen igjen, og då går det betre. Fire minutt er spelt nårJeanette Aakre vinn ballen i forsvar. Ho tek med seg ballen, og går over heile bana før ho blir takla. Kamilla Standal gjer ein kjempejobb, og vinn ballen tilbake ute på venstresida for HaNo. Ho spelar ballen inn til Solveig Aksnes som scorar frå kort hald. 1-0 til HaNo.

Etter 10 minutt svarer Godøy. Eit skot blir avfyrt frå skrått høgre, og det glepp litt mellom hanskane til HaNo keeper Hanna. Den einaste feilen HaNo keeperen gjer for heile kampen.

Etter 22 minutt kjem Godøy på skothald igjen, og ballen smell i tverrliggaren.

Etter 36 minutt scorar Godøy etter litt klabb og babb framfor HaNo målet.

Etter 38 minutt får Kamilla ballen. Ho går ned langs venstresida heilt til linja. Det presise innlegget treff Judith Malen Vestavik, men avslutninga treff Godøy keeperen frå kloss hald.

Etter det første kvarteret av andre omgang skal HaNo damene vere glade for at Godøy ikkje greidde å score fleire mål. Ei svært god Hanna Sylte i mål, og eit hardt arbeidande forsvar beståande av Amalie Vindsnes Haram, Jeanette Aakre og Beate Austnes Nogva heldt stand mot eit hardt arbeidande Godøy lag med mange gode spelarar.

Men HaNo har og sine sjansar utover i omgangen. I det 17 minutt blir Trude Haram spelt åleine med Godøy keeperen, men det stokkar seg litt for Trude.

Vidare i omgangen har både HaNo og Godøy sine sjanser, men fram mot slutten er det HaNo som skaper dei fleste sjansane. Ei hardtarbeidade Kamilla Standal krigar seg til ei to - tre store sjansar som det ikkje hadde vore noko å sagt på om ho hadde scora på.

I kampens siste minutt kjem Trude åleine med keeper igjen, men scotet går midt på denne.

Alt i alt må ein seie at det var fortent at Godøy tok med seg alle poenga heim etter denne kampen. Men når HaNo greidde å roe ned og spele ball seg i mellom, var dei gode, so gode at dei godt kunne \\\"stole\\\" poeng. Litt meir effektivitet i dei avgjerande situasjonane kunne godt ha ført til at våre damer hadde scora eit mål eller to.

Kjekt var det i alle fall at HaNoveteran Britt Tove Vedeld var tilbake i denne kampen. Ho greidde seg svært godt i ein vanskeleg kamp.

HaNo: Hanna, Solveig, Iselin, Sofie, Ane, Jeanette, Amalie, Judith, Marianne, Trude, Britt Tove, Veronica N, Kamilla og Beate.

Stjerner utdelt av Nathalie Johannesen Vindsnes:

\\\'\\\'\\\' Judith Malen Vestavik
\\\'\\\' Britt Tove Vedeld
\\\' Hanna Sylte


04/06-13
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: