HaNo er for og med MOT.
Den formelle inngåinga av samarbeidsavtale mellom HaNo og MOT Haram med leiar i HaNo, Christian Rønning, MOT leiar i Haram ordførar Bjørn Sandnes og MOTivatør og ansvarleg for MOT i HaNo Beate Austnes Nogva


I forkant av årets sesong inngjekk Haramsøy og Nordøy fotballklubb ein samarbeidsavtale med MOT gjennom MOT i fritid for tre av sine lag, G-16, Jenter 14 og Damelaget.
Christian Rønning, leiar i HaNo er stolt over å ha MOT som med spelar, og seier at det var naturleg å seie ja når Haram kommune gjennom MOT-koordinator Solgunn Gjerde spurte om nokre frå klubben ville delta på kursing i vinter. HaNo har i fleire sesongar hatt sin anti-mobbeplan og sitt arbeid med korleis vi skal snakke om, med og til kvarandre. - Denne muligheita til å kople det arbeidet saman med verdiane til MOT var kjekk å få. Og det er ikkje usannsynleg at heile HaNo går inn som MOT-klubb, men det krev litt meir kursing, så vi får sjå til hausten om me får det til. Kanskje blir neste MOTivatørsamling gjennomført her ute på øyane, kanskje kjem fleire lag eller organisasjonar også med, seier Christian Rønning.
MOT er ei kjent merkevare og det er også verdiar som er kjent for fotballspelarane gjennom MOT-arbeidet i ungdomsskulen. MOT til å bry seg, MOT til å seie nei (eller ja) og MOT til å leve er verdiar som no blir endå meir forankra i ungdommane og miljøet dei er i, gjennom at dei også møter dei i fritida si.

Tekst: Sigrun Rogne
Foto: Solgunn Høj Gjerde

25/06-13
Av: Christian Rønning







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: