Kampreferat herrelaget
Her finn du nokre kampreferat frå vårsesongen til herrelaget.




Lars on fire!
HaNo - Emblem 2 4-2 (3-2)
HaNo tok årets første siger då Emblem2 gjesta Nordøy stadion laurdag. HaNo pangopna, og leia 3-0 etter 15 minutt. Sjølv om Emblem2 reduserte 2 gongar, var det fullt fortent at HaNo vann. Dagens mann var Lars Åkre som like godt skåra alle fire måla.
1-0 kom etter knappe minuttet. Lars var frampå etter innlegg frå Håkon. Lars auka til 2-0 då han snappa eit langt utspel og sette ballen i lengste. Hat-triket kom etter kvarteret, og likna på 2-0 målet. Denne gong gjekk skotet via keeper og i mål. Emblem2 reduserte 2 gongar, og begge gongane etter feil av HaNo. I 2. omgang bølga kampen litt fram og tilbake. HaNo hadde sine store sjansar, medan emblem2 var nærast på eit skot i stolpen. Lars Åkre sette inn sitt fjerde då han elegant runda keeper og sørga for 4-2.
Etter fleire gode kampar, var det godt å sikre 3 poeng. Det har vore jamn stigning utover vårsesongen, og vi viser at vi kan spele jamt med dei fleste laga når vi er skjerpa.
No vert det 2 treningar i neste veke, før Øyacup på laurdag.

Laget:
Kenneth
Sindre - Per Kristian - Robin - Bjørnar
Lars - Jonas - Jonas - Marius - Håkon
Jan Egil

Nytta innbytarar: Manuel - Lars Petter - Per Olav




Ny godt gjennomført kamp
HaNo - Harøy 1-1
HaNo fekk med seg det eine poenget i heimekampen mot Harøy måndag. Etter å ha kome under 0-1, og deretter fått ein mann utvist, kan HaNo vere nøgd med 1 poeng. Ser ein på kampen under eitt, burde HaNo fått med seg alle 3 poenga.
HaNo opna svæt friskt, og leverte gode første 25 minutt. Store sjansar vart det også. Jonas, Jan Egil, Sindre, Håkon og Marius var alle nær og putte, men utan å lukkast. Harøy på si side var farleg på eit par kontringar.
Etter pause hadde Harøy ei god periode, og skåra også 0-1. Då heimelaget fekk ein mann utvist, trudde dei fleste det skulle bli tøft. Men heimelaget tok tak, og skapte gode mogelegheiter utover omgangen. Det var ikkje noko å sei på at Hano utlikna då Kenneth heada ballen i mål 10 minutt før slutt. Dei siste minutta bølga kampen. HaNo med fleire store mogelegheiter, men Harøy med den største då ballen small i tverrligaren. Alt i alt OK med 1 poeng slik kampen vart.

Laget:
Kenneth
Sebastian - Per Kristian - Demir - Bjørnar
Sindre - Jonas - Jonas - Marius - Håkon - Jan Egil

Nytta innb: Per Olav - Robin - Odd Einar






Opptur trass nedtur
HaNo leverte ei god forestilling mot serieleiar Ørskog måndag. HaNo var det førande laget i 1.omgang, skapte godt med sjansar, men gjekk til pause vart det litt meir Ørskog. Men HaNo jobba svært godt, og skapte minst like store sjansar som heimelaget. Ørskog tok leiinga då dei stussa eit frispark i hjørnet. HaNo svarte då Marius Austnes flukta eit frispark i nota. Både Jonas, Mads, Jsn Egil og Håkon hadde store sjansar til å putte. I staden var det Ørskog dom stakk av med poenga då dei sette eit frispark i krysset 2 minutt på overtid. Surt i ein kamp der vi hadde fortent minst det eine poenget. Likevel får vi ta med ein prestasjon som likna mykje på årsbeste.
Laget:
Kenneth
Sebastian-Demir-Per Kristian-Bjørnar
Håkon-Marius-Jonas-Jonas-Lars
Jan Egil
Nytta innbyttarar:Mads, Per Olav, Lars Petter




HaNo - Lanegvåg2 -2-3
Laget: 4-4-2
Kenneth
Sebastian - Demir - Per Kristian - Bjørnar Levi Flem
Håkon - Jan Egil - Jonas - Mads
Lars - Sindre Longva
Nytta innbytarar: Marius, Per Olav, Toto

Skuffelsen var stor då Langevåg2 stakk av med alle 3 poenga etter straffe i sluttminutta. For dette var ein kamp som HaNo både kunne og burde ha vunne. Etter å ha vore best dei første 30 minutta, var det heilt fortent at Sindre Longva ga heimelaget leiinga. Langevåg2 skåra 1-1 på sin første sjanse i kampen.
2. omgang var jamnare. HaNo opna best, og Lars lobba lekkert i mål til 2-1. Langevåg2 utlikna på eit skot i nettaket, før dei altså fekk straffe i det 90. minutt, og vann kampen på det.
Sjølv om skuffelsen var stor over å ikkje ha fått poeng, må vi klare å ta med oss det positive.
Duellviljen og pasninsgspelet var svært bra første halvtimen. Vi skåra to mål for første gong denne sesongen, og skapte sjansar til å skåre fleire.
Og kva lærte vi? Det er viktig å vere skjerpa og konsentrert i begge endar av bana. Alle måla vi slepp inn kan vi gjere noko med om vi er litt meir kyniske i forkant av situasjonane.
Men vi gir oss ikkje! No er det trening onsdag på Nordøy kl 17.45. Håper at dei fleste kan prioritere denne treninga! Vi treng trening!





10 elendige opningsminutt øydela poengsjansane mot Ellingsøy. Då hadde gultrøyene skåra to mål etter dårleg markering i HaNo-forsvaret. Etter dette jamna det seg noko ut, sjølv gjestane var best før pause.
I 2 omgang var HaNo det beste laget. Både Jan Egil og Håkon hadde store sjansar utan å lukkast. Dermed enda det 0-2. Men dei siste 45 var oppløftande. Så får vi avtale kven som skal vri om bryteren slik at vi er klare når kampen startar.

Laget:
Kenneth
Sebastian-Demir-Per Kristian-Bjørnar
Per Olav-Olve-Robin-Håkon
Jan Egil -Sindre

Nytta innbyttarar:Jonas-Marius-Toto-Odd Einar

15/07-13
Av: Lars Åkre






HaNo Herrelag 2013



5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: