Nervepirrande kamp enda uavgjort
HaNo-Giske 2-2 (2-2). Ein svært spennande kamp på Nordøy måndag kveld. Begge lag ville vinne, men den høgt tempererte andreomgangen enda mållaus.
HaNo-Giske 2-2 (2-2)

Mål:
0-1 (12)
1-1 Odd Einar Molnes (18)
1-2 (23)
2-2 Lars Åkre (31)

Dommar: Norvald Helge Lausund, Lepsøy IL.

Gukt kort, HaNo: Asgeir Nogva.

Spelarpoeng, HaNo:
3 poeng: Per Kristian Klokk (dagens HaNo-spelar)
2 poeng: Jan Egil Ulla
1 poeng: Damian Zachara

HaNo måtte greie seg utan Marius, Toto, Christoffer (10.kl tur til Polen), Mario med skade, og Michael gav seg etter kvarteret spelt pga strekk. Vi har heldigvis ei ganske brei tropp å plukke spelarar frå, og Lars løyste midtstopparjobben godt i dagens kamp. Giske kom frå tre poeng mot Harøy i første runde, og tok leiinga ganske så kjapt etter cornersituasjon. Dette etter at HaNo opna med frisk innsats, men produserte ikkje dei store sjansane.

Fine kombinasjonar på venstresida ved Damian og Asgeir gjorde at Odd Einar fekk skotposisjon frå 16 meter. Skotet var ikkje alt for hardt, men målvakta fekk berre ei hand på ballen. Dermed 1-1. Ikkje lenge etter tok Giske igjen leiinga. Sindre er uheldig og glir på det sleipe føret når han skal få fotfeste til å berge skotet. HaNo svara igjen, og Lars putta sikkert etter dødballsituasjon. Slik blei det 2-2 til pause.

2. omgang blei ein kamp om å vinne duellar, lite finspel. Til tider høg temperatur, der dommar Lausund kunne slått hardare ned på tacklingar frå begge lag. Vi kom oss til nokre halvsjansar, var småskumle på dødball og hang godt med. Men det var Giske som kom nærmast mot slutten. Ein tvilsom straffesituasjon bikka vår favør, og Sindre regelrett berga poenget for HaNo med to svært gode utrusingar heilt på tampen av kampen. Aleksander fekk ei heading på mål etter godt angrep på høgresida ved Jan-Erik, men den nervepirrande andreomgangen enda uavgjort.

Andre resultat:
Harøy-Emblem2 2-3
Ellingsøy-Fiskerstrand 15-0
Guard-Aksla onsdag
Lepsøy-Brattvåg2 fredag
Emblem2-HaNon fredag

HaNo 4-2-3-1:
Sindre Longva- Sebastian F Rogne, Per Kristian Klokk, Michael Austnes, Bjørnar Flem- Jan Egil Ulla, Odd Einar Molnes - Manuel Hoedemakers, Damian Zachara, Asgeir Nogva- Aleksander Ulla.
Nytta innb: Lars Åkre, Jan-Erik Flem, Stig Frode Longva, Mario Selmann, Mads Uri.

28/04-14
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: