Damelaget jobba som helter, og vann.
\"Dette blir låkt\" var den store pausekomentaren når damelaget spelte mot Godøy på Nordøy.
Det vart det, men belønninga vart god... 3 poeng.
I starten av kampen var det Godøy som styrte kampen, og dei kom og til ein del sjanser, men ei god Hanna i HaNo buret nekta dei adgang. Ho heldt nullen med ei rekke gode aksjoner.

HaNo hadde ikkje dei store sjansane i denne perioden. Men etter kvarteret er det Solveig som spelar Kamilla fint fri framfor mål, men ein god keeper nekter ho scoring.

Etter 27 minutt er det nybakt kaptein for dagen, Sonja, som vinn ballen. Ho spelar til Nathalie, som finn ei hardt pressa Kamilla godt inne på Godøy sin halvdel. Ho driblar av ikkje mindre enn 3 Godøyspelarar og set ballen sikkert mellom beina på Godøy sin keeper. 1-0 til HaNo.

Er dette fortent? Kampen sett under eitt er det vel kanskje ikkje det, men når Godøy sloknar av litt etter eit beinkjøyr første kvarteret er det ikkje så ufortent heller.

1-0 til våre damer står seg til pause.

I andre omgang går nok ein gong Godøy knallhardt ut, og HaNo har vel litt tur må ein seie, etter at ballen både har truffe stolpe, tverrliggar og ballen rullande omtrent på HaNo sin målstrek. Men litt utur har vi og. Lise sitt skot frå 25-30 meter traff tverrliggaren, og hadde fortent ei betre skjebne.

I det 18 minutt fåt ein Godøyspelar ballen på eigen halvdel, og ho forserer heile bana, kjem mot Hanna skrått frå venstre og set ballen sikkert i mål. 1-1. Flott prestasjon av Godøyspelaren.

Men berre 4 minutt seinare er det HaNo sin tur. Sonja vinn nok ein gong ballen på eigen halvdel. Ballen havner sentralt med Lise, og ho og Kamilla kombinerer på ein glimrande måte. Kamilla rykker forbi sin påpasser, og pasninga frå mor sjøl er millimeterpresis. Når kamilla set inn ballen via stolpen er stemninga stor på Nordøy Stadion.

Etter dette er det mykje kjemping, emn det store finspelet uteblir. Godøy er veldig ivrige, og det fører til at pasninger blir for lange, cornerar upresise og skot går over mål.

Ein sliteseier for HaNo sitt damelag, og sjølv om vi var heldige i perioder, kan eg ikkje sei at sigeren var ufortent.

Nemnast må tomålsscorar Kamilla, som sprang på seg krampe så kraftig at vi måtte bere ho av bana.

Kaptein Sonja Pernille blei brukt i fleire posisjoner, og handterdte sentral midtbane like godt som forsvarssjef. Banens beste spelar.

Keeper Hanna, som i perioder var heilt umulig for motstandarane. Ho vart taua inn då vi såg at ho kom på 15.20, sidan vi meinte vi kanskje var ein spelar for lite.

Gøy var det, og 3 poen er våre for all framtid!

HaNo: Hanna, Siri, Solveig, Trude, Veronica N, Lise, Nathalie, Jeanette, Kamilla og Sonja.

Mål HaNo: Kamilla 2.

20/05-14
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: