HaNo med fortent bortetriumf
Aksla - HaNo 1-3 (0-1)
Fantastisk, deilig og fullt fortent trepoengar i Ratvika i kveld. Cato skåra to til 2-0. Så skåra Aksla før Damian avgjorde endelig med eit herlig solomål.
Aksla - HaNo 1-3 (0-1)
1-0 Cato Longva (24)
2-0 Cato Longva (48)
2-1 (58)
3-1 Damian Zachara (70)

Juryens dom :
3 poeng Damian Zachara
2 poeng Cato N. Longva
1 poeng Bjørnar Grekern Flem

Dommar: Torgeir G. Olsen, Volda.

HaNo kalla inn Lasse Buch til kamp for første gong sidan 2008. Målvakta gjorde ein god og trygg jobb! HaNo tok kommandoen frå start. Farlege på dødball var vi også. Fullt fortent 1-0 ved Cato, der vi bygg opp glimrande på venstresida. Asgeir la inn, Damian avslutta først, keeper gav retur der Cato skåra sikkert.

Vi mista litt av initiativet før pause, men forsvarsfiraren rydda vekk glimrande. Årsbeste i dag av fireren bak. Mario og fleire hadde sjansen til å auke leiinga før pause, men vi slapp å vente lengre enn tre minutt ut i andre før dei same tre som var involvert i førstemålet kom i fokus. Damian flikkar til Asgeir som finn Cato med ein presis stikkar. Avslutninga sit hardt og lavt! - Lett, seier Cato i ein kommentar.

Aksla yppa seg meir midtvegs, og fekk reduseringa etter innlegg og kommunikasjonsfeil i forsvaret vårt. Så kjem kampens høgdepunkt: Innkast frå Bjørnar, Damian tek imot, vender opp mannen sin og dryler ballen i lengste frå nesten død vinkel!
Etter dette har vi gode overgangar, og har rimelig god kontroll bakover.

Kjekt med ein ung, god og bevegelig dommar.
Kjekt nummer to er at vi har fleire på tribuna som støttar oss.
Kjekt nummer tre: då vi gjorde bytter i andre omgang, kom det inn veldig svoltne og innsatsfulle spelarar som var med å avgjere kampen til vår fordel!

Biletet: Bjørnar og Mario peikar på Lasse Buch. Comeback-kid frå byen som spelte med oss i 2008.

HaNo (4-3-3)
Lasse- Sebastian, Per Kristian, Michael, Bjørnar - Jan Egil, Cato, Mario - Christoffer, Damian, Asgeir.
Nytta innbyttarar: Håkon, Marius, Toto, Aleksander, Per Olav.

03/06-14
Av: Odd Einar Molnes










5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: