Ny HaNo-siger
HaNo- Guard 1-0 (0-0)
Ei tabbe av den klassiske sorten for Guard si elles gode målvakt avgjorde kampen. Christoffer Longva var sistemann av HaNo borti ballen og får kreditert skåringa. Merkeleg var også at kampen berre fekk dette eine målet, begge lag hadde store sjansar til å putte, men det blei med dette.
HaNo 1-0 (0-0)
1-0 Christoffer Longva (68)
Juryens dom :
3 poeng: Jan Egil Ulla (Dagens HaNo-spelar)
2 poeng: Bjørnar Flem
1 poeng: Toto B. Helland
Dommar: Odd Arne Grande, Skodje.

Guard kom frå 0-7 tap borte mot Ellingsøy, men hadde to poeng meir enn HaNo før start. Dermed enkel matte: Med HaNo-siger gjekk vi forbi. HaNo gjekk høgt ut, men lykkast ikkje særleg med presset høgt i bana. Guard viste seg farlegast på overgangar gjennom heile kampen, men heldigvis greidde vi å ri av desse angrepa. Kontringa der dei var 4 mot 1 (!) mot slutten av omgangen blei notert som heldig at dei ikkje utnytta betre. HaNo var likevel det farlegaste laget. Aleksander Ulla og Jan Egil Ulla hadde eit par sjansar kvar vi godt kunne ha skåra på. Asgeir Nogva måtte ut med strekk midt i første, men vi er godt benka. Toto B. Helland kom inn og gjorde ein god match igjen, slik han hadde mot Aksla.

2. omgang held fram i same stil, no kanskje med eit enda større HaNo-overtak. Stig Frode Longva er nær å distribuere eit innlegg på FIFA 14 – vis i mål, medan Aleksander nesten fekk hovudet på eit legg. Marius Austnes testa skotforten, Jan Egil likeså. Det var eit bisarr mål som blei kampens einaste. Christoffer Longva bommar på stikkpasninga si, ballen går inn til keeper, som på mest snodig vis får ballen forbi seg, og forgjeves hiv han seg etter ballen som går inn.

Etter skåringa har vi store overgangsmuligheiter, men greier ikkje å sette spikeren i kista. Ein corner på overtid, og nokre andre småepisodar på overtid viser at vi er ikkje særleg kyniske og taktisk perfekte siste minutta. Der har vi noko å lære, vi kunne fort blitt straffa. Neste kamp er Lepsøy 18. juni. Då håper vi at fansen (som no er i hopetal på tribunen !! ) også tar ferja over. Det blir knokkeloppgjer.

HaNo (4-3-3)
Kenneth- Sebastian, Per Kristian, Michael, Bjørnar -Marius, Cato, Mario - Jan Egil, Aleksander, Asgeir.
Nytta innbyttarar: Toto, Stig Frode, Christoffer, Manuel, Mads.

09/06-14
Av: Odd Einar Molnes






Gutta klare for kamp i garderoben





Stigningsløp.









5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: