Storsiger til HaNo damene.
HaNo sitt damelag vann stort mot Volda på Nordøy stadion.
Ein trenar på kortur til Volda fekk den glade nyheita midt i kirkekonserten at HaNodamen slo Volda 8-0 på Nordøy stadion laurdag.

Referatet underteikna har fått frå kampen fortel at Sonja Pernille Tomre sine elevar spelte festfotball, og at sigeren i alle fall ikkje var for stor.

Målscorarar:
Julie 3
Kamilla 2
Lise 1
Siri 1
Judith 1

Tusen takk til Lena som kom og sto i mål for oss, sidan vi var utan keeper til denne kampen.

Kjekt er det at Julie har \"komt heim\" og spelar for oss igjen. Frå og med neste kamp tysdag kjem også Amalie og Silje inn i troppa.

Flott innsats.

HaNo: Lena, Solveig, Sonja, Jeanette, Trude, Lise, Julie, Kamilla, Siri, Britt, Nathalie og Judith.

09/06-14
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: